Regjeringa sitt framlegg til løyvingar på asyl-, flyktning- og innvandringsfeltet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 230/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjettet 2006
Regjeringa sitt framlegg til løyvingar på asyl-, flyktning- og innvandringsfeltet
Regjeringa føreslår ei løyving på asyl-, flyktning- og innvandringsfeltet på 1353,3 millionar kroner i 2006.
– Regjeringa har i framlegget til statsbudsjett lagt til grunn ein prognose på 5000 asylsøkjarar, medan prognosen for talet på asylsøkjarar i saldert budsjett 2005 var 10 000, seier Solberg.
Løyvinga på feltet er i stor grad avhengig av kor mange personar det er som søkjer asyl og ymse løyve om opphald og arbeid i Noreg. Til grunn for budsjettframlegget ligg som nemnt ein prognose på 5000 asylsøkjarar og om lag 60 000 andre søknader om opphald og statsborgarskap.
Utgifter til drift av statlege mottak utgjer 872,5 millionar kroner av forslaget til løyving. Det er dermed den største posten på budsjettet. Det er ein nedgang på om lag 270 millionar kroner samanlikna med 2005. Årsaka til nedgangen er at det er færre personar i mottak. I framlegget til budsjett for 2006 har regjeringa sett av 15 millionar kroner til drift av eit utreisesenter for personar som har fått endeleg avslag på asylsøknaden, og 16 millionar kroner på ein eigen post til nødvendige investeringar knytte til dette senteret.
Frå 2005 er utgiftene til drift av Utlendingsdirektoratet (UDI) reduserte med 115 millionar kroner, til 308,1 millionar kroner. Årsaker til reduksjonen er både at midlar er overførte til det nye Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI), og at talet på asylsøkjarar er redusert. Sjølv om ramma til UDI totalt sett er redusert, er det lagt inn midlar til nedbygging av restansar på opphaldssida, til å dekkje Noreg sin del av utgiftene knytte til det felles visumregisteret Visa Information System (VIS) for Schengen/EU og til innføringa av biometri i NORVIS, som er det nasjonale dataregisteret knytt til VIS. Biometri dreier seg om identifikasjon av individ ved avlesing av unike biologiske kjenneteikn, som fingeravtrykk, iris eller netthinne i auget og handgeometri, og/eller ved ansikts- og røystgjenkjenning.
Det er i budsjettet lagt til grunn at Utlendingsnemnda (UNE) kjem til å få færre nye innkomne saker i 2006 enn i 2005, noko som skulle tilseie ein reduksjon i budsjettet på 6,7 millionar kroner. Fordi talet på ubehandla saker i UNE har auka, både i 2004 og fram til no i 2005, har regjeringa lagt inn 24 millionar kroner, slik at behandling av gamle saker kan prioriterast. Totalt blir driftsbudsjettet til UNE auka med 17,3 millionar kroner, til 106,2 millionar kroner.
At løyvinga på asyl-, flyktning- og innvandringsfeltet er redusert, kjem av at regjeringa har rydda opp på asyl- og innvandringsfeltet. Tiltak som regjeringa har sett i gang for å redusere talet på asylsøkjarar utan behov for vern, har medverka til den markante nedgangen i tilstrøyminga. Innføringa av 48-timarsprosedyren for grunnlause søknader og større grad av differensiert saksbehandling for resten av asylsakene har òg hatt mykje å seie. Også innstrammingar i reglane for familiesamanføring, innføring av alderstesting av asylsøkjarar som hevdar at dei er under 18 år, og redusert pengestøtte og bortfall av butilbod i mottak til asylsøkjarar som har fått avslag, har medverka til at Noreg ikkje verkar like attraktivt for dei som ikkje reelt treng vern. I tillegg har regjeringa gjennomført informasjonstiltak i utlandet og arbeidd for å få til rask retur av asylsøkjarar som har fått avslag.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.