Regjeringa satsar på skolar, barnehagar og psykiatri
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 227/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjett 2006
Regjeringa satsar på skolar; barnehagar og psykiatri
Skolar, barnehagar og psykiatrien er dei viktigaste satsingsområda i kommuneopplegget i statsbudsjettet.
– Å gje barna ein god skole og ei god opplæring er noko av det viktigaste vi kan gjere, seier kommunal‑ og regionalminister Erna Solberg.
Regjeringa føreslår å løyve om lag 1,6 milliardar kroner til gjennomføringa av Kunnskapslyftet i 2006. Av dette går om lag 775 millionar kroner direkte til kommunane i form av tilskot til kompetanseutvikling og nye læremiddel. I tillegg kjem ein auke i rammeoverføringane på om lag 190 millionar kroner i samband med utvidinga av timetalet hausten 2005.
Satsinga på barnehagar held fram i 2006, og regjeringa føreslår ein reell auke i dei øyremerkte tilskota til barnehagar på 1,1 milliardar kroner.
– Det blir lagt opp til ein kapasitetsvekst tilsvarande 7600 heiltidsplassar for barn under tre år, seier Erna Solberg. Dette skal vere tilstrekkeleg til å nå full behovsdekning ved trinn I i maksimalprisen i løpet av 2006.
Lyftet for det psykiske helsearbeidet held fram, og regjeringa føreslår å auke det øyremerkte tilskotet til psykisk helsearbeid i kommunane med 400 millionar kroner. Dette inneber at det totalt vil bli brukt om lag 2 milliardar kroner på psykisk helsearbeid i kommunane i 2006.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.