Nytt rettsregister for burettslag
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 249/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjett 2006
Nytt rettsregister for burettslag
Regjeringa gjer i statsbudsjettet for 2006 framlegg om å løyve 47 millionar kroner til eit nytt rettsregister for burettslag. Registeret skal førast i Ullensvang og vil gi kommunen minimum 18 nye arbeidsplassar.
Dei 18 arbeidsplassane kjem i tillegg til statlege arbeidsplassar i eit nytt servicesenter for tinglysing i Ullensvang.
– Å leggje rettsregisteret til Ullensvang vil medverke til å sikre busetnad og verdiskaping i regionen og er i tråd med den politikken regjeringa fører, seier kommunal‑ og regionalminister Erna Solberg.
Rettsregisteret skal innehalde informasjon om kven som eig, og kven som har pant i, dei ulike burettslagsbustadene her i landet, på same vis som det offisielle registeret over rettar i fast eigedom (grunnboka) inneheld tilsvarande informasjon om andre sjølveigarbustader.
Stortinget gjorde i juni 2005 vedtak om at det nye rettsregisteret for burettslagsbustader skal innarbeidast i grunnboka. Regjeringa følgjer no opp vedtaket med å føreslå ei løyving på 47 millionar kroner til oppstart og drift av registeret. Registreringsgebyra skal tilsvare sjølvkost. I 2006 er det budsjettert med 9 millionar kroner i gebyrinntekter. Meirutgiftene i 2006 vil bli dekte inn gjennom dei neste par åra. Registeret skal etter planen vere i drift frå 1. juli 2006.
Budsjettforslaget kjem i tillegg til Stortinget si løyving i revidert nasjonalbudsjett for 2005 på 2 millionar kroner til det same formålet.
Pengar til nytt burettsregister
Meir om burettslovene
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.