Nytt program skal styrkje innovasjonspolitikken — Norwegian Centres of Expertise
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 257/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjett 2006
Nytt program skal styrkje innovasjonspolitikken – Norwegian Centres of Expertise
Regjeringa føreslår å bruke 34,5 millionar kroner til Norwegian Centres of Expertise neste år over budsjetta til Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet. – Det er eit nytt program for å styrkje dei mest vekstkraftige og internasjonalt orienterte næringsklyngjene, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
Norwegian Centres of Expertise vender seg til spesialiserte, regionale bedriftsklyngjer med internasjonalt konkurransedyktige bedrifter som kan vere flaggskip i den nasjonale innovasjonspolitikken. Programmet skal stimulere til nettverksbygging og kompetanseheving i regionale forskings- og utviklingsinstitusjonar, i regionalt næringsliv og hos regionale styresmakter.
Innovasjon Noreg, SIVA og Noregs forskingsråd skal saman forvalte programmet. Gjennom ein open nasjonal konkurranse skal dei velje ut næringsmiljø basert på faglege vurderingar.
– Det finst mange sterke næringsmiljø rundt om i landet som er sterke nettopp fordi dei har funne eit fortrinn ved å basere seg på behov og føresetnader i regionen der dei held til. Regjeringa vil gjennom dette programmet gi langsiktig fagleg og finansiell støtte for å byggje vidare på dette grunnlaget, slik at næringsmiljøa blir endå sterkare, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.