Historisk arkiv

Noreg er fleirkulturelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 243/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjettet 2006

Noreg er fleirkulturelt

Regjeringa sin langsiktige politikk erat alle, utan omsyn til opphav og kjønn, skal ha dei same høva til å delta i det norske samfunnet og like rettar og plikter, anten det er i skolen, i bumiljøet eller i organisasjonslivet.

– Det etniske, kulturelle og religiøse mangfaldet i befolkninga i Noreg har kome for å bli, og det er bra, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Ved inngangen til 2005 hadde 8 prosent av befolkninga innvandrarbakgrunn, og dei kjem frå om lag 200 land. 301 000 er førstegenerasjonsinnvandrarar, medan 64 000 er fødde i Noreg av to utanlandske foreldre. Dette har ført til at vi no har ei befolkning som er mykje meir variert enn tidlegare når det gjeld levemåte, opphav, religion, heimespråk og kultur.

– Deltaking i utdanning, i arbeidslivet og i andre aktivitetar er viktig både for at samfunnet skal kunne nyttiggjere seg alle ressursar i befolkninga, og for at den einskilde skal kunne påverke sin eigen livssituasjon. Det må ikkje få utvikle seg store sosiale og økonomiske skilnader som følgjer etniske skiljelinjer. Målet er at forholdet mellom ulike grupper og miljø i befolkninga skal utvikle seg utan store sosiale spenningar og med god kontakt på tvers av gruppene, seier statsråd Solberg.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.