Historisk arkiv

Kompetanselyft for kommunal eigedomsforvaltning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 248/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjett 2006

Kompetanselyft for kommunal eigedomsforvaltning

Regjeringa føreslår ein ny post på statsbudsjettet, der 8,5 millionar kroner er sett av til utgreiing, informasjon og kompetanseheving om byggjeverksemd og kommunal eigedomsforvaltning.

Statens bygningstekniske etat (BE) får ansvaret for å administrere pengane. Krevjande oppgåver ventar etter at bygningslovutvalet leverte si siste delutgreiing i juni 2005. Ny plan- og bygningslov skal utarbeidast, og det vil bli naudsynt å setje i gang utgreiingar, informasjonstiltak og samarbeid mellom det offentlege og byggjenæringa for å utvikle eit brukarvennleg regelverk og redusere byggjekostnadene.

Midlane skal også nyttast til å følgje opp forslag frå det regjeringsoppnemnde eigedomsforvaltningsutvalet . Regjeringa er særleg oppteken av å styrkje kompetansen i eigedomsforvaltning i kommunar og fylkeskommunar.

– Målet er å få betre bygg, lågare vedlikehaldskostnader over tid og lågare energibruk. Dette er god ressursforvaltning og god miljøpolitikk, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Innsatsen vil omfatte skular og sjukeheimar, kyrkjer, kontorbygg og andre kommunale og fylkeskommunale bygg.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.