Bruk av biometri
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 231/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjettet 2006
Bruk av biometri
Kommunal- og regionaldepartementet førebur bruk av biometriske kjenneteikn i visum og opphaldsdokument.
Eit nytt nasjonalt saksbehandlingssystem for visumsøknader er no under utvikling. Systemet set saksbehandlarane i Noreg og på utanriksstasjonane i stand til å arbeide direkte mot hovuddatabasen til utlendingsstyresmaktene, DUF.
– Bakgrunnen for innføringa av biometri i visum og opphaldsdokument er eit generelt ønske om å effektivisere innvandringskontrollen, samtidig som det er eit tiltak mot ulovleg innvandring og terrorisme, seier Erna Solberg.
Frå januar 2007 skal det ved søknad om visum hentast inn biometriske data i form av digitale foto og fingeravtrykk. Biometri dreier seg om identifikasjon av individ ved avlesing av unike biologiske kjenneteikn som fingeravtrykk, iris eller netthinne i auget og/eller handgeometri. Identifiseringa kan også skje ved ansikts- og røystgjenkjenning. Søknadsdata og biometriske data skal lagrast i ein sentral visumdatabase (VIS) som gjeld for heile Schengenområdet. Norvis-systemet vil handtere all datakommunikasjon mot VIS. Dei biometriske data i VIS-basen vil bli brukte til verifikasjon og identifikasjon både ved søknad om visum og ved innreisekontroll.
Opphaldsløyve til Schengenområdet blir no gitt i form av etikettar som blir sette inn i passet. Frå første kvartal 2007 blir dette endra, og etikettane skal erstattast med eigne opphaldskort. Ved søknad om opphaldsløyve skal det hentast inn biometriske data i form av digitalt foto og fingeravtrykk, og både søknadsdata og biometriske data skal lagrast i opphaldskortet.
Noreg er som medlem av Schengen bunden av dei vedtaka som blir gjorde i EU, og pliktar å utvikle dei systema som er nødvendige for å tilpasse seg det felles Schengensystemet. Noreg må stå for ein del av felleskostnadane som følgjer med VIS, det vil seie ei eingongsavgift i 2006 og ei årleg driftsutgift.
I budsjettet for 2005 blei det sett av 16,8 millionar kroner til utviklinga av Norvis. For 2006 gjer regjeringa framlegg om ytterlegare 14 millionar kroner til Norvis/VIS over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. I tillegg er det føreslått løyvt midlar over budsjetta til Justisdepartementet og Utanriksdepartementet til arbeidet med å få biometriske data inn i pass og reisedokument.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.