Auke for næringsretta utviklingstiltak og transportstøtte
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 256/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjett 2006
Auke for næringsretta utviklingstiltak og transportstøtte
Regjeringa vil auke ytingane til næringsretta utviklingstiltak og transportstøtte.
I statsbudsjettet føreslår regjeringa å bruke 1405 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak og transportstøtte i 2006.
– Etter kvart som overgangsordninga som følgde etter omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta, blir fasa ut, vil vi auke innsatsen på desse områda, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg. – Regjeringa si satsing vil gi næringslivet høve til å setje inn målretta tiltak for å halde oppe og betre konkurranseevna i distrikta, seier ho.
I denne ytinga ligg det både nye og tidlegare løyvingar. 300 millionar kroner går til transportstøtte og 1105 millionar kroner til næringsretta utviklingstiltak. Midlane kan mellom anna nyttast til å styrkje kompetansen, til ny infrastruktur og til marknadsføring. Det er næringslivet sjølv som avgjer kva midlane skal nyttast til.
– Differensiert arbeidsgivaravgift er det mest treffsikre regionalpolitiske verkemiddelet for å halde oppe busetnad og sysselsetjing i distrikta, seier Erna Solberg. – Regjeringa har derfor stått hardt på for at det skal vere ei slik ordning i EU sitt nye regelverk for regionalstøtte. Utkastet frå EU-kommisjonen til retningslinjer som skal gjelde frå 2007, opnar for ei gjeninnføring av den differensierte arbeidsgivaravgifta, og det tyder på at EU-kommisjonen har lytta til norske argument. Det er svært positivt for Noreg, seier Solberg.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.