Aukar kompetansen i bustad- og bygningssektoren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 246/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjett 2006
Aukar kompetansen i bustad- og bygningssektoren
– Kommunikasjon og informasjon er viktig for å skaffe fleire husvære til dei som har vanskar med å kome inn på bustadmarknaden, og regjeringa vil styrkje dette arbeidet, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
Regjeringa føreslår at løyvinga til kompetansetilskot til Husbanken blir auka med 9,1 millionar kroner til 65,8 millionar kroner i statsbudsjettet for 2006. Kompetansetilskotet skal medverke til at dei bustad- og bygningspolitiske måla blir nådde ved hjelp av kompetanseoppbygging, kompetansespreiing og informasjon.
– Satsinga på kompetansetilskotet er ein del av regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom. Tilskotet er eit sentralt verkemiddel i gjennomføringa av den nasjonale strategien ”På veg til eigen bustad”, som tek sikte på å skaffe fleire bustadlause ein stad å bu, seier Erna Solberg.
Behovet for informasjon i bustad- og bygningssektoren er stort, samstundes som krava til kvaliteten på informasjonen aukar. Tilskotet skal stimulere til ein betre og meir effektiv bustadpolitikk gjennom samarbeid på tvers av sektorar og styringsnivå i samfunnet. Dette samarbeidet skal nyttast i innsatsen for fleire miljøvennlege bustader, universell utforming av bustader og bygningar og god byggjeskikk, og i arbeidet for utjamning av skilnader i levekår. Ordninga er òg sentral i oppfølginga av miljøhandlingsplanen for bustad- og bygningssektoren.
Kompetansetilskotet blei også styrkt i 2005, da løyvinga blei auka med om lag 20 millionar kroner.
- Forskrift om kompetansetilskot
- På veg til eigen bustad. Regjeringa sin strategi mot bustadløyse
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.