Historisk arkiv

Auka satsing på regional- og distriktspolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 252/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjett 2006

Auka satsing på regional- og distriktspolitikken

Regjeringa føreslår å løyve 2,8 milliardar kroner til regional- og distriktspolitikken i 2006. Det er ein auke på 434 millionar kroner i høve til det salderte budsjettet for i år.

– Målet for regional- og distriktspolitikken til regjeringa er å ta vare på hovudtrekka i busetnadsmønsteret og utløyse det potensialet for verdiskaping som finst i dei enkelte regionane. Det er ein sentral strategi å styrkje lokal og regional vekstkraft. På den måten kan vi få busetnad og levedyktige lokalsamfunn i alle delar av landet, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Regjeringa ønskjer neste år særleg å leggje vekt på utviklings- og omstillingsarbeid og på tiltak som stimulerer til innovasjon og entreprenørskap. I det ligg det ei oppfølging av stortingsmeldinga om regionalpolitikken. Regjeringa vil styrkje innovasjonsarbeidet mellom anna ved å setje i gang eit nytt Norwegian Centres of Expertise-program og eit nytt næringshageprogram, og ved å forlengje inkubatorprogrammet. Regjeringa går også inn for ei eiga høgskolesatsing innanfor FORNY, og vil satse vidare på Innovasjonslyft Nord og Storbyprosjektet.

– Regjeringa meiner at dei auka avgiftsinntektene ved omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta i 2004 skal tilbakeførast til dei områda som er råka av endringane, seier Solberg. For 2006 vil regjeringa setje av ei samla ramme på 1545 millionar kroner til dette formålet. Desse midlane skal fordelast mellom næringsretta utviklingstiltak og transportstøtte.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.