Auka satsing på innovasjon og nyskaping
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding 14.10.2005
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 255/2005
Dato: 14.10.2005
Statsbudsjett 2006
Auka satsing på innovasjon og nyskaping
– Regjeringa vil auke verdiskapinga ved å leggje til rette for auka innovasjon og fleire levedyktige nyetableringar, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
Regjeringa føreslår å løyve 34,5 millionar kroner over statsbudsjettet til nysatsinga Norwegian Centres of Expertise. Programmet skal styrkje vekstkraftige og internasjonalt orienterte næringsklyngjer ved å skape eit betre grunnlag for iverksetjing og gjennomføring av krevjande innovasjonsprosessar. Prosessane skal vere baserte på samarbeid mellom relevante bedriftspartnarar, regionale styresmakter og kunnskapsinstitusjonar.
Vidare vil regjeringa setje av 8,8 millionar kroner til Ungt Entreprenørskap og halde fram med satsinga på ung inkubator-stipend til studentar med idear til kompetansebaserte nyetableringar. – Det er viktig å stimulere til nyskaping og gründerverksemd allereie i skole- og utdanningssystemet. Erfaringar viser at det gir gode resultat, for det fører til at fleire startar eigne verksemder, seier Erna Solberg.
Næringshageprogrammet skal styrkje det profesjonelle og faglege miljøet rundt småbedrifter gjennom samlokalisering, medan inkubatorprogrammet i regi av SIVA har som siktemål å hjelpe kunnskapsbaserte bedrifter i ein startfase ved å tilby mellom anna fagleg rådgiving og ulike servicefunksjonar.
FORNY (Forskingsbasert nyskaping) i regi av Noregs forskingsråd skal medverke til å auke verdiskapinga i heile landet ved å kommersialisere forskingsbaserte forretningsidear med stort marknadspotensial. Høgskolesatsinga innanfor FORNY-programmet har som siktemål å styrkje kompetansen om kommersialisering ved dei statlege høgskolane.
Gjennom satsinga Innovasjonslyft Nord vil regjeringa skape ein heilskapleg og treffsikker innovasjonspolitikk i Nord-Noreg. Det er også etablert eit storbyprosjekt for å medverke til auka innovasjon i Oslo, Kristiansand, Bergen, Stavanger, Tromsø og Trondheim. Prosjektet skal også styrkje samspelet mellom byane og omlandet.
– Innovasjon og nyskaping er i stor grad avhengig av korleis vi greier å utnytte den ressursen som ligg i kompetansen som vi finn i ulike delar av landet. Globaliseringa gir regionar og lokalsamfunn store utfordringar, som vi berre kan møte ved å auke innovasjons- og nyskapingsevna i næringslivet og arbeidslivet, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.