Historisk arkiv

10 millionar kroner til språkkartlegging av 4-åringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 14.10.2005

Pressemelding

Nr.: 237/2005
Dato: 14.10.2005

Statsbudsjettet 2006

10 millionar kroner til språkkartlegging av 4-åringar

Språkkartlegging av 4-åringar ved helsestasjonar skal medverke til at barn med dårlege kunnskapar i norsk og/eller svak språkutvikling kan bli fanga opp tidleg, slik at dei får betre føresetnader for å følgje undervisninga på skulen og ta del i dei sosiale aktivitetane på linje med andre barn.

– Å meistre norsk språk er ei særleg utfordring for barn som ikkje snakkar norsk heime. Målet til regjeringa er at ingen barn skal begynne på skulen utan tilstrekkelege kunnskapar i norsk. Dermed kan vi hindre at dei fell utanfor i samfunnet, og derfor er dette tiltaket så viktig, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Det har vore i gang prosjekt med språkkartlegging og språkstimulering av førskulebarn i Bydel Grorud i Oslo og i Drammen gjennom fleire år. Erfaringar herifrå er blitt spreidde til andre bydelar i Oslo og til andre kommunar.

Ordninga vert no utvida, slik at dei 12 kommunane med størst ikkje-vestleg innvandrarbefolkning, og i tillegg Tromsø, kan få midlar til språkkartlegging.

Pressetelefonen i Kommunal- og regionaldepartementet: 22 24 25 00.