Historisk arkiv

Nasjonalt register for Schengen/EU-visum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 145/2004
Dato: 06.10.2004

Statsbudsjettet 2005:

Nasjonalt register for Schengen/EU-visum

Regjeringa foreslår å løyve 16,8 millionar kroner til eit nasjonalt system (NORVIS) for registrering av visum. Det skal koplast til EU/ Schengen-registeret.

- Terrorhandlingar vi har vore vitne til dei siste åra har i dei fleste land ført til auka kontroll med reise og opphald, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Slik kontroll krev eit internasjonalt samarbeid. System for å få betre oversikt og kontroll med reisande enn vi har i dag, er under utvikling. I denne utviklinga inngår eit felles europeisk system for innføring av biometriske kjenneteikn i visum og pass, slik som fingeravtrykk eller iris, og etter kvart også i etikettar for arbeids- og opphaldsløyve.

Schengen/EU har vedteke å etablere eit felles dataregister, Visa Information System (VIS), for visum som blir gitt av Schengen/EU-landa. EU/Schengen har også vedteke å innføre felles utskrift av visumetikettar med bilete frå og med 3. juni 2005.

Noreg er som medlem av Schengen bunden av dei vedtaka som EU gjer, og vi pliktar å utvikle dei systema som er nødvendige for å tilpasse seg felles EU/Schengen-system. I samband med utviklinga av VIS, vil Noreg utvikle eit nasjonalt system, NORVIS. Til det arbeidet har regjeringa sett av 16,8 millionar på budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet. I tillegg er det foreslått løyvd midlar på budsjetta til Justisdepartementet og Utanriksdepartementet til slikt arbeid og for å få biometriske data inn i pass, reisedokument og visum. Regjeringa har til saman foreslått ei løyving på 50 millionar til dette arbeidet i budsjettet for 2005.