Meir til skole, barnehage, psykiatri og særleg ressurskrevjande brukarar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 137/2004
Dato: 06.10.2004
Statsbudsjettet 2005:
Meir til skole, barnehage, psykiatri og særleg ressurskrevjande brukarar
Kommunesektoren får realvekst i dei samla inntektene på 2¾ milliardar kroner neste år. Veksten blir dermed høgare enn det Regjeringa la opp til i kommuneproposisjonen i mai.
Dei såkalla frie inntektene til kommunesektoren skal auke med 1 milliard kroner neste år, foreslår Regjeringa i statsbudsjettet. Auken skal fordelast med ½ milliard kroner til kommunane og ½ milliard til fylkeskommunane. Det gir ein sterkare prosentvis vekst i dei frie inntektene for fylkeskommunane. Grunnen er at det blir mange fleire elevar i vidaregåande skolar dei neste åra.
Statstilskot til barnehagar aukar med 1,2 milliardar kroner neste år. Det er sett av midlar til 9000 nye barnehageplassar og til høgare driftstilskot til private barnehagar.
Innanfor opptrappingsplanen for psykisk helse foreslår Regjeringa å auke løyvingane til kommunale tenester med 400 millionar kroner, som er meir enn ei fordobling i forhold til veksten i år.
Regjeringa følgjer opp stortingsmeldinga om auka kvalitet i grunnopplæringa og foreslår 700 millionar kroner til ulike tiltak. Av desse skal ca. 500 millionar kroner gå til kompetanseutvikling. Som skoleeigar kjem kommunane til å nyte godt av større kompetanse blant lærarane. I tillegg foreslår Regjeringa å løyve 145 millionar kroner til 4 veketimar meir i grunnskolen frå neste haust.
I år får kommunane refundert 1½ milliard kroner til særleg ressurskrevjande brukarar frå ein øyremerkt post på statsbudsjettet. I fjor gav staten eit bidrag på 650 millionar kroner over dei frie inntektene. Den nye refusjonsordninga inneber ei sterk avlastning av dei kommunale budsjetta. Truleg får kommunane refundert 1,6 milliardar kroner neste år.
Skatteinntektene for kommunesektoren i år ser no ut til å bli 1 milliard kroner lågare enn det Regjeringa rekna med i det revidert nasjonalbudsjettet i mai. Svikten i skatteinntektene blir ikkje kompensert i 2004, men blir derimot kompensert frå og med 2005. – Trass i skattesvikten er det grunn til å tru at veksten i dei frie inntektene i 2004 blir på 4¼ milliardar kroner, som historisk sett er ein svært sterk vekst. Det bør derfor vere grunnlag for ei styrking av den finansielle situasjonen for kommunesektoren, seier kommunalminister Erna Solberg.