Meir pengar til omstilling og nyskaping
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 152/2004
Dato: 06.10.2004
Statsbudsjettet 2005:
Meir pengar til omstilling og nyskaping
Innanfor regional- og distriktspolitikken foreslår Regjeringa ei ramme på 2,3 milliardar kroner. Det er ein auke på 674 millionar kroner samanlikna med saldert budsjett for 2004. Grunnen til auken er opptrappinga av kompensasjonsordningane etter at den differensierte arbeidsgivaravgifta er lagt om.
- Målet for regional- og distriktspolitikken til Regjeringa er å realisere det verdiskapingspotensialet som finst i dei enkelte regionane. På den måten kan vi få til busetjing og levedyktige lokalsamfunn i alle delar av landet, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
- Regjeringa legg særleg vekt på tiltak som stimulerer til omstilling, innovasjon og nyskaping. Trygging av eksisterande og etablering av nye føretak og arbeidsplassar er det viktigaste for å sikre vekstkraftige lokalsamfunn i heile landet, seier Erna Solberg.
- Regjeringa meiner at dei auka avgiftsinntektene ved omlegginga av den differensierte arbeidsgivaravgifta skal førast tilbake til dei områda som blir råka av endringane. For neste år blir det sett av ei samla ramme på 1 095 millionar kroner til det formålet. Desse midlane vil bli fordelte mellom næringsretta utviklingstiltak og transportstøtte, avsluttar Solberg.