Historisk arkiv

1012 millionar kroner til regional utvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 153/2004
Dato: 06.10.2004

Statsbudsjettet 2005:

1012 millionar kroner til regional utvikling

Regjeringa føreslår ei ramme på 1012 millionar kroner til regional utvikling i 2005, fordelt mellom fylkeskommunane. I 2003 desentraliserte Regjeringa omfattande rammer til fylkeskommunane for å fremje regional utvikling tilpassa føresetnadene i kvar einskild region. Denne reforma blir vidareført.

- Regional- og distriktspolitikken tek utgangspunkt i at ulike delar av landet står overfor ulike utfordringar og har ulike rammevilkår. Det krev kunnskap om regionale og lokale tilhøve når ein skal avgjere bruk av offentlege verkemidel, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Det er ikkje gjort store endringar i fordelinga mellom fylke frå 2004 til 2005. Det er øyremerkt 50 millionar kroner til omstilling i Årdal og Høyanger innanfor ramma til Sogn- og Fjordane, og 5 millionar kroner ekstra i skjønnsmidlar til Nordland for å møte moglege omstillingsutfordringar i Mo i Rana.

Fordelinga blir slik (tal i millionar kroner):

Fylke

Fordeling 2005

Oslo

5,40

Akershus

5,40

Østfold

16,70

Vestfold

5,40

Hedmark

64,45

Oppland

*

Buskerud

17,75

Telemark

39,10

Aust-Agder

13,76

Vest-Agder

12,57

Rogaland

18,23

Hordaland

50,83

Sogn og fjordane

110,35

Møre og Romsdal

76,54

Sør-Trøndelag

67,32

Nord-Trøndelag

79,62

Nordland

195,68

Troms

121,78

Finnmark

111,12

SUM

1012,00

* Oppland si ramme inngår i forsøket Fritt Fram.