Historisk arkiv

Meir verdiskaping gjennom regionale kunnskapsnettverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 159/2003
Dato: 08.10.2003

Statsbudsjettet 2004

Meir verdiskaping gjennom regionale kunnskapsnettverk

- Regjeringa vil fremje regional næringsutvikling og verdiskaping. I 2004 kjem tiltak for innovasjon og nyskaping til å bli ytterlegare forsterka. Verkemiddel for regional utvikling skal særleg leggje vekt på idé- utviklings- og kommersialiseringsfasane i bedriftene. I tillegg vil vi arbeide for gode regionale kunnskapsnettverk, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.

Vekst i privat sektor er vesentleg for regional utvikling. Tiltak for knoppskyting frå eksisterande bedrifter, kommersialisering av kunnskapsbaserte idear og stimulering til etablering av nye bedrifter og nye næringar på premissane til regionane sjølve, kjem til å bli prioriterte. Dette er den beste måten å halde ved lag eit spreidd busetjingsmønster på og sikre at vi tek heile landet i bruk. Derfor blir løyvingane til mellom anna næringshagar og inkubatorar auka. Satsinga blir ført vidare i 2004 på program for forskingsbasert nyskaping (FORNY), verdiskaping 2010 (VS2010), mobilisering av FOU-relatert innovasjon (MOBI) og Nyskapings- og teknologiprogrammet for Nord-Noreg (NT-programmet)

- Eg ønskjer dessutan at det blir betre samspel mellom dei einskilde involverte aktørane regionalt: inkubatorar, næringshagar, kunnskaps- og forskingsparkar, utdanningsinstitusjonar og næringsliv. Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) vil saman med andre vidareutvikle konseptet med Centers of Expertice, eit konsept som er særs vellykka i Finland. Vi finansierer eit pilotprosjekt på Centers of Expertice i Ålesund, der dei legg vekt på å vidareutvikle det regionale innovasjonssystemet i Møre og Romsdal, særleg knytt til den maritime næringsklyngja. Vi vil ha fleire slike miljø etablerte i 2004. Maksimal utnytting av regional kompetanse og regionale føremoner må derfor stå sentralt i utviklingsstrategiane til regionane, seier statsråden.

KRD løyver årleg 2,5 millionar kroner til foreininga Ungt Entreprenørskap over ein fireårsperiode. Departementet ser dette som eit viktig tiltak innanfor eit aktivt, langsiktig og haldningsskapande arbeid blant ungdom over heile landet.

Med etablering av den nye verkemiddeleininga frå 2004 gjer Regjeringa det lettare å realisere gode kommersielle idear. Gründerar og småbedrifter skal møte eit heilskapleg tilbod der bedriftene og ideane er. Seinare i haust vil Regjeringa dessutan leggje fram ein plan for heilskapleg innovasjonspolitikk.