Fleire bustader til bustadlause og vanskelegstilte
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 153/2003
Dato: 08.10.2003
Statsbudsjettet 2004
Fleire bustader til bustadlause og vanskelegstilte
- Når Regjeringa styrkjer bustadtilskotet, er det fordi vi ser behov for å skaffe fleire bustader til bustadlause og andre vanskelegstilte på bustadmarknaden, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
I statsbudsjettet for 2004 føreslår Regjeringa å auke ramma for bustadtilskotet med 42,7 millionar kroner. Ramma blir på 712,2 millionar kroner og løyvinga på 702 millionar kroner. Saman med startlån, som Regjeringa innførte tidlegare i år, er bustadtilskotet det sentrale verkemiddelet for å skaffe bustadløysingar til dei vanskeligstilte på bustadmarknaden. Ordninga blir nytta både i samband med nybygging, kjøp av brukte bustader og til utleigebustader. Styrkinga av bustadtilskotet er eit ledd i tiltaksplanen mot fattigdom som Regjeringa har lagt fram, og ei vidare oppfølging av bustadlausprosjektet i Husbanken.
- Vi har dei siste tre åra arbeidd med å få ei betre målretting av bustadtilskotsordninga for å nå dei som treng det mest. Bustadlause og andre vanskelegstilte skal prioriterast innanfor rammene. Det same gjeld innvandrarar og funksjonshemma, seier Solberg. – I desember vil vi leggje fram ei stortingsmelding om bustadpolitikken. Der vil vi mellom anna sjå nærare på den samla verkemiddelbruken overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden.