Historisk arkiv

1 051,05 millionar kroner til fylkeskommunane og regional utvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 156/2003
Dato: 08.10.2003

Statsbudsjettet 2004

1 051,05 millionar kroner til fylkeskommunane og regional utvikling

Regional- og distriktspolitikken tek utgangspunkt i at ulike delar av landet står overfor ulike utfordringar og har ulike rammevilkår. Dette krev kunnskap om regionale og lokale tilhøve når ein skal ta avgjerder om bruk av offentlege verkemidel.

Frå og med 2003 desentraliserte Regjeringa omfattande rammer til fylkeskommunane for å fremje regional utvikling tilpassa føresetnadene i kvar einskild region. Dette blir no ført vidare. Regjeringa føreslår at ramma som blir fordelt mellom fylkeskommunane i 2004, blir på 1 051,05 millionar kroner.

86 prosent av løyvinga skal fordelast etter objektive kriterium baserte på folketal innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Alle fylkeskommunane får ei garantert minsteramme på 5,45 millionar kroner.

Regjeringa vil ta omsyn til særskilde tilhøve i fordelinga til fylkeskommunane.

14 prosent av løyvinga er derfor fordelte etter skjønnskriterium:

  • eksisterande omstillingsområde og nye omstillingsbehov, særleg i samband med fiskeri- og oppdrettsnæringa
  • Interreg IIIA-program og løyvingar til Landsdelsutvalet for Nord-Noreg og Nord-Trøndelag (LU).

Fordelinga blir slik:

(Tal i millionar kroner)

Fylke

Fordeling 2004

Oslo

5,45

Akershus

5,45

Østfold

13,75

Vestfold

5,45

Hedmark

70,12

Oppland

57,90

Buskerud

18,53

Telemark

40,81

Aust-Agder

14,16

Vest-Agder

13,12

Rogaland

19,03

Hordaland

52,50

Sogn- og fjordane

61,23

Møre og Romsdal

77,08

Sør-Trøndelag

64,39

Nord-Trøndelag

85,77

Nordland

203,08

Troms

130,26

Finnmark

112, 97

SUM

1 051,05