Lågare husleige for utleigebustader
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 03.10.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 90/2002
Dato: 03.10.2002
Lågare husleige for utleigebustader
– Med lengre løpetid på lån til utleigebustader for unge og vanskelegstilte blir husleiga lågare for slike bustader, seier kommunalminister Erna Solberg.
Regjeringa foreslår å forlengje løpetida på husbanklån frå 30 til 50 år for utleigebustader. Lånekostnadene blir dermed fordelt over fleire år med jamnare nedbetaling. For eit konkret prosjekt i Oslo på 1,1 millionar kroner per eining blir innbetalinga av renter og avdrag redusert med om lag 700 kroner månaden, eller 8 400 kroner i året.
– Forslaget legg til rette for at vi får fleire utleigebustader med ei husleige som unge og vanskelegstilte kan makte, seier statsråd Solberg. – Det vil også redusere behovet for statlege tilskotsmidlar i slike prosjekt. Rammene som Husbanken får til disposisjon kan dermed nyttast meir målretta.