Krafttak for unge einslege asylsøkjarar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 03.10.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Kommunal- og regionaldepartementet har lagt inn 9,5 millionar kroner i budsjettframlegget for 2003 for å følgje opp handlingsplanen ”Tiltak for å øke deltakelsen i samfunnet for barn og unge med innvandrerbakgrunn”.
Pressemelding
Nr.: 95/2002
Dato: 03.10.2002
Krafttak for unge einslege asylsøkjarar
Kommunal- og regionaldepartementet har lagt inn 9,5 millionar kroner i budsjettframlegget for 2003 for å følgje opp handlingsplanen ”Tiltak for å øke deltakelsen i samfunnet for barn og unge med innvandrerbakgrunn”.
Den største satsinga er retta mot einslege mindreårige asylsøkjarar. Stadig fleire barn og unge kjem aleine til Noreg for å søkje asyl. Lang tid for sakshandsaming og lang ventetid på busetjing i ein kommune kjenneteiknar situasjonen for mange einslege mindreårige. - Alle flyktningar har behov for å busetje seg i ein kommune så raskt som råd. For einslege mindreårige er rask busetjing særs viktig, seier kommunal- og regionalminister Erna Solberg.
- Tilbodet til einslege mindreårige må bli meir heilskapleg, og i større mon tilpassa kvar enkelt. Det er heilt nødvendig å få til ei ordning som kan erstatte eller kome i tillegg til verjeordninga vi har i dag. Vidare må arbeidet for å spore opp foreldra styrkjast med tanke på at barnet kan førast heim til familien i heimlandet på ein god måte.
Regjeringa er alt i gang med dette arbeidet. Strakstiltak er sett i verk for å styrkje kontrollen i høve til dei som flyttar til slekt. Det er utarbeidd rutinar for å følgje opp einslege mindreårige asylsøkjarar som blir borte frå mottak. Vidare blir det arbeidd med rutinar for ei barnefagleg vurdering av einslege mindreårige i mottak med tanke på moglege hjelpebehov.
- Regjeringa ser det som viktig å halde fram med arbeidet med å vidareutvikle tilbodet til einslege mindreårige i statlege asylmottak og i busetjinga. Derfor vil vi prioritere dette arbeidet når vi følgjer opp tiltaka i handlingsplanen, seier kommunalministeren.