Ein ny milliard til Husbanken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 03.10.2002 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 91/2002
Dato: 03.10.2002
Ein ny milliard til Husbanken
Regjeringa vil gi Husbanken ein milliard meir å rutte med neste år.
- Husbanken skal framleis vere ein sentral reiskap for å løyse viktige utfordringar i bustadpolitikken. Derfor vil Regjeringa utvide låneramma for Husbanken frå 13 til 14 milliardar kroner i statsbudsjettet, seier kommunalminister Erna Solberg.
Innanfor låneramma skal Husbanken prioritere ungdom og vanskelegstilte. Det skjer mellom anna gjennom den nye ordninga med Startlån. I tillegg er finansiering av barnehagar prioritert. For lån til nybygg skal det prioriterast prosjekt med livsløpstandard og prosjekt med gode miljøkvalitetar. Låneramma blir fordelt jamt utover året.