Historisk arkiv

Betre kvalitet på tolketenestene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 18 millionar kroner for å utvikle og kvalitetssikre tolketenestene.

Pressemelding

Nr.: 97/2002
Dato: 03.10.2002

Betre kvalitet på tolketenestene

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 18 millionar kroner for å utvikle og kvalitetssikre tolketenestene.

I dag er det stor mangel på kvalifiserte tolkar. Auken i talet på asylsøkjarar og anna innvandring til Noreg har ført til større behov for tolketenester. Bruk av tolk er ofte nødvendig for at forvaltinga eller helsevesenet skal kunne gi like gode tenester til ein innvandrar med dårlege eller manglande kunnskapar i norsk som til resten av folket.

Det skal no satsast på utdanning av mange nok tolkar på dei språk det er behov for. Ei ordning med kvalitetssikring av tolketenestene skal innførast. Vidare skal det haldast tolkekurs for å bøte på det mangelfulle utdanningstilbodet. Utdanningstilbodet for tolkar skal utviklast.

Det er viktig at tilgangen på tolkar er god. Regjeringa vil derfor etablere eit tolkeregister som skal oppdaterest heile tida, og dermed syte for ein meir effektiv bruk av dei tolkane som finst. Tolkeregisteret skal òg sikre at tolkar med rett kompetanse blir brukte til dei ulike oppdraga.

Dei høge krava til statsautorisasjon av tolkar gjer at denne gruppa utgjer ein liten del av det totale behovet for tolkar. Mange tolkeoppdrag er slik at det kan brukast tolkar med lågare kompetanse. Noreg manglar eit tilbod for kvalifisering til denne gruppa. Utvikling av eit slikt tilbod er truleg heilt avgjerande for å tilfredsstille det behovet vi har for tolketenester i framtida. Regjeringa ønskjer derfor å føre vidare arbeidet med å kvalitetssikre tilbodet frå tolkar som ikkje er statsautoriserte.