Historisk arkiv

Styrking av tiltak for døve og hørselshemma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 152/05
Dato: 14.10.2005
Kontaktpersonar:
Eksp.sjef Roy Kristiansen, Medieavd., tlf. 22 24 80 04 (om teksting)
Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavd., tlf. 22 24 80 00 (om Teater Manu)

Styrking av tiltak for døve og hørselshemma

Regjeringa gjer framlegg om å løyva 4 millionar kroner for å utvikla teknologi for å teksta direktesende fjernsynsprogram. Departementet foreslår ei ordning der utgiftene skal delast mellom staten, NRK og TV2.

- Dette tilskotet vil setja fart i NRK og TV2 sine planar om å tilby fullgod teksting av direktesende fjernsynsprogram. Teksting av fjernsynsprogram vil føra til at hørselshemma lettare får med seg nyhende, diskusjonsprogram og aktualitetssendingar i fjernsyn. Lik tilgang til informasjon er avgjerande for å kunna delta i samfunnsdebatten, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at Teater Manu (norsk teiknspråkteater) får eit ekstra tilskot på 1,2 millionar kroner til kjøp av teknisk utstyr og stolar til teatersalen. Teater Manu manglar slikt utstyr og er avhengig av å leiga.

Det er gjort framlegg om eit driftstilskot på 7 480 000 kroner til Teater Manu. Teater Manu er eit landsomfattande turnéteater med døve og tunghørte som primær målgruppe. Teatret har sin faste base i Oslo, der teatret leiger kontorlokale, scene og sal for prøver og framsyningar.