Kristiansand og Stavanger får løyving til konserthus
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 154/05
Dato: 14.10.2005
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf.
22 24 80 00
Kristiansand og Stavanger får løyving til konserthus
Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår i statsbudsjettet for 2006 å gi tilsegn om 408 millionar kroner i tilskot til nytt teater- og konserthus for Sørlandet. Regjeringa foreslår òg å gi tilsegn om eit tilskot på 250 millionar kroner til konserthus for Stavangerregionen.
Teater- og konserthuset som skal oppførast i Kristiansand, har ei førebels kostnadsramme på 1,1 milliardar kroner. Huset skal nyttast av Agder Teater, Kristiansand Symfoniorkester og Opera Sør. Prosjektet skal finansierast med 605 millionar kroner frå Kristiansand kommune/Stiftelsen Cultiva og 87 millionar kroner frå Vest-Agder fylkeskommune. Med tilsegn om statstilskot kan forprosjektet starta opp.
Konserthuset som skal oppførast i Stavanger, har ei førebels kostnadsramme på 1,0 milliardar kroner. Stavanger kommune planlegg byggeprosjektet med eit areal på 14 000 m2. I tillegg til statstilskot skal prosjektet finansierast med 600 millionar kroner frå Stavanger kommune, 75 millionar kroner frå Rogaland fylkeskommune og 100 millionar kroner frå private. Med tilsegn frå staten kan Stavanger kommune gjennomføra forprosjektet.
Departementet har godkjent heile søknadsbeløpet til konserthusprosjekta i Kristiansand og Stavanger. Departementet legg til grunn at statstilskotet skal utbetalast i perioden 2008-2015.