Auka tilskot til musikkføremål
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 149/05
Dato: 14.10.2005
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf.
22 24 80 00
Auka tilskot til musikkføremål
Tilskotet til musikkføremål er styrkt i forslaget til statsbudsjett for 2006. Det er auke i tilskotet mellom anna til følgjande tiltak:
- 4,4 millionar kroner til Stiftelsen Harmonien i Bergen.
- 2,2 millionar kroner til Tromsø Symfoniorkester.
- 1,8 millionar kroner til Trondheim Symfoniorkester.
- 1,2 millionar kroner til Festspillene i Bergen.
- 3,5 millionar kroner til Norsk jazzforum, 3 millionar kroner til nasjonal jazzscene i Oslo og 0,5 millionar kroner til formidling av jazz over landet.
- 4 millionar kroner til vidareføring og styrking av ny tilskotsordning for kyrkjemusikk under Norsk kulturfond.
- 5 millionar kroner i auka støtte til frie musikkensemble og fri scenekunst under Norsk kulturfond.
- 0,8 millionar kroner til forsøk med utvekslingskonsertar i konsertsesongen 2006-2007 mellom Oslo-Filharmonien og symfoniorkestra i Bergen, Stavanger og Trondheim.
Tilskotet til Det Norske Kammerorkester blir auka til 4,1 millionar kroner.
Tilskotet til Rådet for folkemusikk og folkedans er auka noko for å vidareføra utvida folkedanssatsing i Møre og Romsdal.
Ultimafestivalen og Festspillene i Elverum får status som knutepunktinstitusjonar frå 2006.