Auka tildeling til Arkivverket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 144/05
Dato: 14.10.2005
kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf.
22 24 80 00
Auka tildeling til Arkivverket
I budsjettframlegget for 2006 er det lagt inn til saman 15 millionar kroner til investeringar og auka driftsutgifter i Arkivverket.
- Eg er glad for at arkivsektoren no får eit lyft. De har tidlegare kome litt i skuggen av opptrappinga på museumssektoren, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
Auken skal dekkja husleigeutgifter i den ombygde og utvida riksarkivbygningen, i tillegg til flytteutgifter og investeringar i samband med at Statsarkivet i Trondheim flytter inn i nye lokale på Nyhavna.
Dei nye lokala og nytt utstyr vil skapa betre rammevilkår for verksemda i etaten og leggja til rette for den vidare kapasitetsoppbygginga som er ei føresetnad i åra framover. Dette er spesielt viktig for å kunne handtera dei store utfordringane med å bevara elektronisk arkivmateriale.