Historisk arkiv

Auka driftstilskot til Hålogaland Teater og Nordland Teater

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 153/05
Dato: 14.10.2005
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Auka driftstilskot til Hålogaland Teater og Nordland Teater

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår å auka den statlege delen av driftstilskotet til Hålogaland Teater med 6,9 millionar kroner. Nordland Teater får ei auke i driftstilskotet på 2,1 millionar kroner i 2006.

- Eg er glad for at denne auken vil gi rom for å styrkja den kunstnariske aktiviteten ved teatra, i tillegg til å dekkja driftsutgiftene ved innflytting i nytt bygg, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Styrkinga av Hålogaland Teater skal mellom anna dekkja auka driftsutgifter etter at teatret flytta inn i nytt bygg i august 2005. Tilskotet gir også rom for ei kunstnarleg utnytting av potensialet som ligg i nye og moderne lokale og på turné. Departementet tek sikte på ei utvida opptrapping av driftstilskotet med 4 millionar kroner fordelt på 2007 og 2008. Dette for ytterlegare å styrkja den kunstnarlege aktiviteten ved teatret.

Departementet foreslår ei auke i driftstilskotet til Nordland Teater på 2,1 millionar kroner i 2006. Tilskotet skal dekkja høgare utgifter til drift og husleige og i tillegg gi rom for større kunstnarleg aktivitet i samband med at teatret flytter inn i nytt bygg hausten 2005. Kultur- og kyrkjedepartementet tek sikte på ei utvida opptrapping av driftstilskotet med 2 millionar kroner fordelt på 2007 og 2008 for å styrkja den kunstnarlege aktiviteten ved teatret.