Historisk arkiv

9 millionar kroner til museumssatsing i Hordaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 142/05
Dato: 14.10.2005
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

9 millionar kroner til museumssatsing i Hordaland

Hordaland har dei seinare åra gjort ein solid innsats i konsolideringsarbeidet og får god utteljing i budsjettframlegget for 2006. Seks museum er tildelte til saman 9 millionar kroner i auka statstilskot.

- Dette er eit handslag til eit fylke som har nedlagt eit stort arbeid i konsolideringsprosessen. Då er det gledeleg at vi også kan følgja opp med pengar som var føresetnaden i samband med museumsreforma, seier statsråd Svarstad Haugland.

Det er særleg tre museum i Hordaland som har gjennomført omfattande konsolideringar:
Bymuseet i Bergen er no ei konsolidering av Gamle Bergen Museum, Bryggens Museum, Bergen Skolemuseum, Lepramuseet, Damsgård Hovedgård, Alvøen og Bergen Brannhistoriske Stiftelse.
Museum Vest har teke opp i seg Norges Fiskerimuseum, Det Hanseatiske Museum, Nordsjøfartmuseet, Herdla Museum og Kystmuseet i Øygarden.
Museum for Visuell Kunst og Musikk har teke opp i seg Bergen Kunstmuseum, Vestlandske Kunstindustrimuseum, Edvard Grieg Museum Troldhaugen og Museet Lysøen.

Det er gjort framlegg om følgjande auke til museum i Hordaland:
Museum for Visuell Kunst og Musikk: 2,5 millionar kroner
Bymuseet i Bergen: 2 millionar kroner
Museum Vest: 2 millionar kroner
Hardanger Museum: 1,5 millionar kroner
Sunnhordland Museum: 0,5 millionar kroner
Vestlandsmuseet: 0,5 millionar kroner