12,7 millionar meir til Ibsenåret 2006
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 145/05
Dato: 14.10.2005
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf.
22 24 80 00
12,7 millionar meir til Ibsenåret 2006
Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår at løyvinga til Nasjonalkomiteen for Ibsensatsinga blir styrkt med 12,7 millionar kroner til 19 millionar kroner i 2006.
- Ibsen er kanskje den mest kjende nordmannen i utlandet. Han er ein kulturell døropnar for Noreg. Det er dette perspektivet som skal prega hundreårsmarkeringa for Henrik Ibsens død, seier statsråd Svarstad Haugland.
Det blir lagt vekt på å synleggjera den inspirasjonen Ibsen er for kunstnarar, filosofar, politikarar og menneskerettsforkjemparar i vår tid over heile verda. Programmet legg vekt på aktualitet, breidd og nyskaping, og tek høgd for langsiktig formidling av Ibsen til eit stort publikum og særleg til unge menneske.
Markeringa vil i alt omfatta over 3 000 små og store arrangement verda over. Programmet er laga i samarbeid mellom kulturinstitusjonar, akademia, offentlege instansar og næringsliv i inn- og utland. Utanlandsmarkeringane skjer i samspel med Utanriksdepartementet og norske utanriksstasjonar.
Ei internasjonalt tilrettelagd opningsframsyning skal fokusera på Ibsen som inspirator for kunstnarar innanfor teater, film, biletkunst, dans og musikk. Avslutninga av året blir markert i Egypt med ei framføring av Peer Gynt til musikk av Edvard Grieg. Det er innhenta ekstramidlar frå ei rekkje sponsorar. Det er også foreslått ei løyving på 8 millionar kroner over Utanriksdepartementet sitt budsjett til avslutningsarrangementet i Egypt.