Sterkare profilering av dansekunsten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 101/04
Dato: 06.10.2004
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavd., tlf. 22 24
80 00
Sterkare profilering av dansekunsten
Dansens Hus blir sikra heilårsdrift gjennom ei løyving på 6 millionar kroner. Dette er ei dobling i forhold til 2004. Dansens Hus skal drivast av Senter for Dansekunst og er mellombels lokalisert i Det Norske Teatret.
- Dans er kanskje den kunstarten
som har måtta venta lengst på si eiga scene. Med dette
budsjettforslaget synleggjer vi dansen som det viktige kunstfeltet
han er, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
For å profilera dansen og gjera kunstarten meir synleg i
kulturbildet er det i 2005 oppretta ein eigen budsjettpost. Andre
tiltak som får støtte under denne posten er Senter for Dansekunst,
Oslo Danse Ensemble og Gratis Daglig Trening.
Tiltaka under denne posten fekk tidlegare driftstilskot frå ein ymse-post.