Historisk arkiv

Prosjektet ”Leser søker bok” får 3,3 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 102/04
Dato: 06.10.2004
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavd., tlf. 22 24 80 00

Prosjektet ”Leser søker bok” får 3,3 millionar kroner

Prosjektet ”Leser søker bok” går i 2005 inn i det andre prosjektåret. Det foreslåtte statstilskotet på 3,3 millionar kroner skal gi prosjektet ei tryggare økonomisk ramme. Prosjektet set søkjelyset på grupper som har spesielle behov når det gjeld lesing.

- Eg er glad for å kunne bidra med auka midlar til dette formålet, seier statsråd Valgerd Svarstad Haugland. - Det er eit mål å gi alle tilgang til litteratur. For mange lesarar er det nødvendig med særskild tilrettelegging både med omsyn til produksjon og formidling.

Gjennom prosjektet blir det utvikla og produsert tilrettelagd litteratur og sett i gang formidlingstiltak i samarbeid med bibliotek, bokhandlar og brukarar.
19 organisasjonar som representerer alle ledd i bokkjeda, forfattarar, omsetjarar, forlag, formidlarar og brukarar, står bak prosjektet.