Historisk arkiv

Scene for dans etableres

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 95/03
Dato: 08.10.2003
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Scene for dans etableres

Ei løyving på 3 mill. kroner er foreslått til Senter for dansekunst. Midlane skal gå til etablering og drift av ei scene for dans, Dansens Hus AS, i løpet av 2004. Scena skal mellombels leggjast til Det Norske Teatret. Vonleg vil ei permanent dansescene kunne innpassast i utbygginga på Vestbane-tomta.

- Noreg kan i dag gle seg over eit høgt og stigande kunstnarleg nivå innanfor dans. Produksjonsmiljøa har hatt ei god fagleg utvikling, og norske koreografar og dansegrupper er etterspurde i utlandet. Danseframsyningar når likevel ut til eit altfor lite publikum. Dansescena er eit viktig tiltak for å gjera dansen meir tilgjengeleg for eit større publikum, og eg er glad for at denne kunstforma no får ei velfortent satsing, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Både det aukande talet på utøvarar med danseutdanning og dansens store popularitet som fritidsaktivitet indikerer eit stort publikumspotensial. Eit slikt potensial bør òg finnast i nye folkegrupper med eigne dansetradisjonar. Utanfor institusjonane finst dessutan eit mangfald av utdanna dansarar og koreografar, men dei fleste har lite høvelege produksjonsvilkår og lokale som er lite eigna for framsyningar.

Moderne dans har få visingstader rundt om i landet, og ei kunstform som sjeldan vert vist, får heller ikkje stor etterspurnad. Det er viktig både med tilrettelegging av arenaer og utvikling av interesse for dans hjå eit større og meir samansett publikum.