Omdanning av Norsk språkråd
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 98/03
Dato: 08.10.2003
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf.
22 24 80 00
Omdanning av Norsk språkråd
Departementet gjer framlegg om ein auke på 1,5 mill. kroner i løyvinga til Norsk språkråd. Formålet er fyrst og fremst å styrkja grunnlaget for den pågåande omdanninga av institusjonen, deretter å koma i gang med å byggja opp ei konsulentteneste for offentlig språk slik som skissert i St.meld. nr. 9 (2001-2002) Målbruk i offentleg teneste.
Arbeidet med å omdanna Norsk språkråd til eit meir utoverretta kompetansesenter for norsk språk vart varsla i budsjettproposisjonen frå i fjor og skjer elles på grunnlag av ei samla prosjektskisse som departementet har utarbeidd i samråd med styret i Norsk språkråd.
- Den nye institusjonen skal stimulera språkleg kvalitet og aktivt fremja bruk av norsk språk som ein funksjonell reiskap i alle delar av samfunnet, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland. – Det blir òg ei viktig oppgåve å formidla verdien av norsk språk som ein innebygd del av kulturarven vår. Kompetansesenteret skal ikkje minst stå til teneste for dei som treng råd og rettleiing, hjelp og støtte i språklege spørsmål. Det nye organet må kunna arbeida strategisk, både gjennom prioritering av oppgåver og i måten det opptrer på overfor samfunnet ikring, seier statsråd Svarstad Haugland.
Våren 2003 vart det gjennomført ein intern organisasjonsanalyse i regi av ein uavhengig konsulent. Departementet har seinare tilsett direktør, som skal vera ned på å byggja opp den nye institusjonen frå grunnen av.
Den eksterne fasen i omdanningsarbeidet tek til hausten 2003.