Nasjonalmuseet for kunst i rute
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 86/03
Dato: 08.10.2003
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf.
22 24 80 00
Nasjonalmuseet for kunst i rute
I budsjettet for 2004 har departementet prioritert å tilføra Nasjonalmuseet for kunst 16 mill. kroner i auka tilskot. Ei samla løyvingsramme på 129 mill. kroner inneber at utviklinga av Nasjonalmuseet for kunst kan vidareførast etter gjeldande planar.
- Med denne satsinga er vi på god veg mot målet om å skapa ei sterkare kunst- og museumsfagleg plattform for den statlege museumsinnsatsen innanfor biletkunst, kunsthandverk, design og arkitektur, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
Løyvingsframlegget gjev Nasjonalmuseet høve til fagleg opptrapping, samstundes som institusjonen kan leiga meir areal i Kristian Augusts gate. Departementet opnar for at Nasjonalmuseet i åra til og med 2006 kan ta i bruk inntil 7500 kvm. nytt areal i Kristian Augusts gate. Det vil gje museet ein god start når det gjeld å finna løysingar for somme av driftsfunksjonane. Samstundes er ein i gang med planarbeidet for å realisera dei intensjonane som ligg i abm-meldinga, St.meld. nr. 22 (1999-2000). Det inneber mellom anna ei løysing på dei bygningsproblema som Nasjonalmuseet i dag slit med.
Med verknad frå 1. juli 2003 er verksemdene ved Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Arkitekturmuseum inkorporerte i den nye institusjonen Nasjonalmuseet for kunst. Det er også meininga at Riksutstillingar og Henie Onstad Kunstsenter skal inkorporerast på eit seinare tidspunkt. Tilskotet til Henie Onstad Kunstsenter blir foreslått auka med 0,7 mill. kroner. Auken skal styrkja drifta av senteret med sikte på inkorporeringa. Dermed er den første fasen av prosjektet avslutta.
Styret for institusjonen har vore i funksjon sidan 1. februar i år, og arbeidet med å samordna ulike funksjonar er i full gang. Direktør og administrasjonsdirektør for Nasjonalmuseet tek til i stillingane sine i løpet oktober månad.