Historisk arkiv

Auka satsing på kultur og kyrkje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Pressemelding

Nr.: 84/03
Dato: 08.10.2003
Kontaktperson: Informasjonssjef Signe Bjørvik, tlf. 22 24 78 09

Auka satsing på kultur og kyrkje

Kultur- og kyrkjedepartementets budsjettforslag for 2004 gir ein realvekst som saman med enkelte omprioriteringar gir rom for fleire satsingar. Budsjettforslaget er på 5,6 milliardar kroner. Dette utgjer ein auke i departementets totale budsjettramme på 233 mill. kroner eller 4,3 prosent.

- Regjeringa ønskjer å føra ein offensiv kulturpolitikk. Målet er å sikra eit utfordrande og stimulerande kulturtilbod for alle. Eg er nøgd med at vi ikkje berre vidarefører dei satsingane som Stortinget alt har slutta seg til. Vi har òg funne rom for å prioritera fleire område som er omtala i kulturmeldinga, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Kulturpolitiske satsingsområde
Driftstilskotet til Den Norske Opera er foreslått auka netto med 17,9 mill. kroner til 227,5 mill. kroner i 2004. Budsjettforslaget sikrar at Operaen kan koma i gang med naudsynt omstilling og utvikling av verksemda fram mot innflytting i nytt operahus.

I budsjettet er det foreslått ein auke på 16,3 mill. kroner til Nasjonalmuseet for kunst, slik at institusjonen i 2004 vil få ei samla løyving på 129,3 mill. kroner. Dette vil gjera det mogleg å trappa opp det faglege arbeidet i samsvar med føresetnadene og målsetjinga om å vera ei drivkraft i ein landsomfattande innsats i formidling av biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design.

Stortingsmeldinga om arkiv, bibliotek og museum er følgt opp med auka løyvingar innanfor alle tre områda: På bibliotekfeltet representerer budsjettforslaget ein auke på 10,5 mill. kroner i løyvinga til Nasjonalbiblioteket, slik at samla tildeling i 2004 blir 186 mill. kroner. Til Arkivverket blir det foreslått ein auke på vel 8 mill. kroner til 164 mill. kroner i 2004. Dette skal m.a setja Arkivverket i stand til å møta dei store utfordringane som bevaring av elektronisk lagra arkivinformasjon representerer.

Museumsreforma blir vidareført gjennom framlegget om ei samla tilskotsordning som skal leggja til rette for eit nasjonalt nettverk av konsoliderte museumseiningar. I 2004 blir det foreslått å løyva 6 mill. kroner til konsoliderte museum i Nordland og Telemark. Det er i desse to fylka at konsolideringsarbeidet har gitt dei klaraste resultata det siste året. Elles er det foreslått i alt 5 mill. til enkelte andre museum. I tillegg blir det foreslått å vidareføra dei spesielle skolesekkmidlane på 10 mill. som gjekk til 20 utvalde museum i 2003.

Til Nasjonalkomiteen for Ibsensatsinga er det foreslått ein auke av tilskotet med 3,5 mill. kroner til vidare planlegging og førebuing i høve hundreårsmarkeringa i 2006.

St.meld. nr. 9 (2001-2002) Målbruk i offentleg teneste er følgt opp med forslag om
1,5 mill. kroner til vidareføring av arbeidet med oppretting av eit kompetansesenter for norsk språk.

Satsingar som følgje av kulturmeldinga
Regjeringa har nyleg lagt fram St.meld.nr.48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014. Siktemålet med meldinga er å trekkja opp hovudlinene for dei kulturpolitiske prioriteringane det komande tiåret. I budsjettforslaget for 2004 er det lagt inn auka midlar til det frie feltet, m.a. er festivalstøtteordninga under Norsk kulturråd foreslått styrkt med 2 mill. kroner, og ymse andre festivalar med totalt 2,5 mill. kroner.

På musikkområdet blir det utover dette foreslått å styrkja tilskotet til utanlandsturnéar med 1 mill. kroner. Frå 2004 kan også Det Norske Kammerorkester søkja om slik støtte. Innkjøpsordninga for fonogram blir foreslått styrkt med 3 mill. kroner. Dette vil sikra innkjøp av ein større del av viktige produksjonar med norske musikarar og norskkomponert musikk. Produksjon og formidling av folkemusikk og folkedans blir foreslått styrkt med 1 mill. kroner.

Trønder-Operaen og Musikkteatret i Trondheim har inngått avtale om samordning av aktivitetane. Formålet Regionopera i Trondheim er som følgje av dette foreslått styrkt med 0,5 mill. kroner i budsjettforslaget.

Det blir foreslått 3 mill. kroner til Senter for dansekunst til etablering og drift av ei scene for dans, Dansens Hus AS, i løpet av 2004. – Dansescena er eit viktig tiltak for å gjera dansen meir tilgjengeleg for eit større publikum. Eg er glad for at denne kunstforma no får eit gjennomslag, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

Departementet ønskjer å styrkja formidling av samtidskunst både nasjonalt og internasjonalt, og det blir foreslått ein auke på 4,7 mill. kroner til dette: 2,4 mill. kroner til samtidskunstfestivalen Momentum, 1,6 mill. kroner til Office for Contemporary Art Norway (OCA) og 0,7 mill. kroner til Henie Onstad Kunstsenter.

I budsjettforslaget for 2004 er det lagt opp til å gje 10 nye arbeidsstipend for kunstnarar.

Driftstilskotet til Det Norske Samlaget er foreslått auka med 2 mill. kroner i 2004. - Nynorske bøker har ikkje stor nok kjøpargruppe til at dette spesialforlaget kan greia seg i marknaden utan statstilskot, og støtte til Samlaget er på same tid støtte til nynorsk språk, litteratur, og kultur, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.

25 mill. kroner til trusopplæring
Regjeringa vil byggja på den kristne og humanistiske kulturarven som eit felles grunnlag for samfunnet vårt. - Eg er nøgd med at regjeringa frå 2004 vil setja i verk reforma av trusopplæringa i Den norske kyrkja, og går inn for å auka løyvingane til dette formålet med 25 mill. kroner. Dette kjem i tillegg til dei 5 mill. kronene som vart løyvde til dette formålet i 2003, og som er vidareført i 2004. Budsjettforslaget for Den norske kyrkja er på 1 057,8 mill. kroner for 2004. Dette er ein auke på 3,2 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2003.

Mediepolitiske satsingsområde
Utgangspunktet for mediepolitikken er å sikra ytringsfridomen som ein føresetnad for eit levande folkestyre. - Det er viktig å leggja forholda til rette for ein brei og uavhengig offentleg debatt gjennom eit mangfald av aviser, etermedium og andre informasjonsformidlarar. Regjeringa vil difor vidareføre pressestøtta, understrekar statsråd Svarstad Haugland.

Produksjonstilskotet til dagsaviser blir foreslått sett til 246,9 mill. kroner. Dette er ein auke på 3,3 prosent i høve til saldert budsjett for 2003, og ein auke på 6,3 prosent i høve til revidert nasjonalbudsjett for 2003.

Departementet foreslår å auka løyvingane til Norsk Filmfond med 11,4 mill. kroner til 231,5 mill. kroner. Det blir foreslått å gjera forsøksordninga med tilskot til prosjektutvikling innan nye medium (data- og tv-spill) til ei permanent ordning. Målet med tilskotsordninga er å sikra betre tilgang til alternative produkt som avspeglar norsk språk og kultur. Løyvingane blir foreslått auka frå tre til åtte mill. kroner.

- Vi ønskjer å gje foreldre drahjelp til å velja dei gode alternativa og sikra barn og unge tilgang til ikkje-valdelege dataspel med norsk språk og innhald, seier statsråd Svarstad Haugland.

NRK-lisensen i 2004 blir uendra på 1.850 kroner i høve til 2003. Momssatsen går ned frå 12 til 6 prosent.

Spelemidlar
Inntektene frå spelemidlane til kulturformål er venta å auka med om lag 150 mill. kroner i 2004. Tilsvarande auke er også venta i spelemidlane til idrettsformål. Dei totale spelemidlane til idrettsformål blir om lag 1, 2 milliardar kroner i 2004. Spelemidlane blir fordelte utanfor statsbudsjettet.