8 mill. kroner meir til Arkivverket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 08.10.2003 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 89/03
Dato: 08.10.2003
Kontaktperson: Eksp.sjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf.
22 24 80 00
8 mill. kroner meir til Arkivverket
Løyvinga til Arkivverket blir foreslått auka med 8 mill. kroner til 164 mill. kroner i 2004. – Det er nødvendig å sikra ei betre bevaring av det elektroniske arkivmaterialet, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland.
Meir og meir av arkivdanninga skjer i elektronisk form. Viktige spor etter aktiviteten i forvaltninga er no i ferd med å gå tapt pga. teknologiske endringar i programvare og maskinelt utstyr. Auken til Arkivverket må sjåast i samanheng med opptrappingsplanen for etaten som vart skissert i abm-meldinga.
Som understreka i den nye kulturmeldinga er det også eit stort behov for generell styrking av Arkivverket. Etaten er hardt pressa, m.a. fordi administrative ressursar er omprioriterte til fagleg aktivitet. Den føreslåtte auken skal difor også nyttast til generell styrking av drift og administrasjon. Det er lagt inn midlar til å dekkje meirkostnader til lønn og drift av bygningar og til mellombels lokale i samband med ombygging og utviding av riksarkivbygningen.