Historisk arkiv

Auka tryggleik og styrkt kriminalomsorg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 15,489 milliardar kroner eks.mva. til justissektoren i 2006. Det inneber ei nominell auke på 8,8 prosent inkl. mva. frå saldert budsjett 2005. Utbygging av felles naudnett, aukt evne til krisehandtering og styrkt kriminalomsorg er nokre av hovudpunkta. (14.10)

Pressemelding – korrigert versjon

Nr.: 69 – 2005
Dato: 14.10.2005

Auka tryggleik og styrkt kriminalomsorg

Regjeringa foreslår å løyve 15,489 milliardar kroner (eks. mva.) til justissektoren i 2006. Det inneber ei nominell auke på 8,8 prosent inkl. mva. frå saldert budsjett 2005.

  • Oppstart av første utbyggingsområde for eit nytt, felles radiosamband for naudetatane politi, helse og brann.
  • Auka satsing på evna til krisehandtering i utlandet og den generelle krisehandteringsevna i departementa.
  • Styrkt kriminalomsorg er prioritert, mellom anna ved startløyving til nytt Halden fengsel og vidare prosjekteringa av eit nytt fengsel i Indre Salten.

Dette er nokre av hovudpunkta i Regjeringas forslag til statsbudsjett for justissektoren.

– Radiosambandet er viktig for tryggleiken til borgarane, naudetatane og samfunnet. Det systematiske arbeidet med å auke kapasiteten i fengsla og redusere køen for soning held fram, seier justisminister Odd Einar Dørum.

Felles radiosamband for naudetatane
Stortinget har i samband med budsjettet 2005 vedteke eit første utbyggingsområde av eit nytt felles radiosamband for naudetatane, politi, brann- og helsevesen: Naudnett. Auka løyving i budsjettet for 2006 er om lag 360 millionar kroner (inkl. mva.). Justisdepartementet er i gang med ein konkurranse i marknaden om det første trinnet i utbygginga av naudnettet. Første utbyggingsområde er planlagt ferdig utbygd og testa sommaren 2007. Naudnettet skal eigast og drivast av eit eige forvaltningsorgan under Justisdepartementet.

Sentral krisehandtering
Regjeringa foreslår ei løyving på 40 millionar kroner inkl. mva. til oppfølging av Stortingsmelding nr. 37 Flodbølgjekatastrofen i Sør-Asia og sentral krisehandtering. 20 millionar kroner går etter forslaget til tiltak under Justisdepartementet, 17 millionar kroner går til tiltak under Utanriksdepartementet og 3 millionar kroner til tiltak under Helse- og omsorgsdepartementet.

Løyvinga til Justisdepartementet skal mellom anna gå til etablering av ei krisestøtteeining. Arbeidet med etableringa er starta. Den nødvendige konkretiseringa av støttefunksjonar, lokal, personell og anna skal sluttførast før 1. januar 2006. Eininga skal vere i drift så snart det er praktisk mogeleg.

Kriminalomsorga
I budsjettframlegget for 2006 er det gjort framlegg om startløyving på 20 millionar kroner inkl. mva. til Halden fengsel med 251 plassar og 5 millionar kroner inkl. mva. til å halde fram med prosjekteringa av eit nytt fengsel i Indre Salten i Fauske kommune med 100-125 plassar. Samla vil dette gi om lag 350 nye fengselsplassar dei næraste åra.

I 2004 og 2005 vart særleg kapasitetsutvidingar i kriminalomsorga prioriterte. I perioden 2002 t.o.m. 2005 vil fengselskapasiteten ha auka med til saman om lag 400 plassar. I tillegg kjem verknaden av mellombelse tiltak som dublering og framskoten lauslating som i 2005 er venta å gi respektive 39 og i overkant av 120 fengselsplassar. Samla tilsvarer desse tiltaka om lag 560 fengselsplassar.

Løyvinga til kriminalomsorga blir òg foreslått styrka med om lag 50 millionar kroner inkl. mva. til å dekkje heilårsverknaden av kapasitetsutvidingane som vart sette i verk i 2005 og løyving til Narkotikaprogram med domstolskontroll, og ytterlegare 15 millionar kroner inkl. mva. til vedlikehald ved Ullersmo fengsel.

For å sikre tilstrekkeleg tilgang på fagutdanna tenestemenn er opptaket ved Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS) foreslått auka med 25 aspirantar.

Satsinga skal mellom anna gå til

  • startløyving til Halden fengsel (251 plassar – 20 millionar kroner inkl. mva. på Moderniseringsdepartementets budsjett).
  • vidare prosjektering av eit nytt fengsel i Indre Salten (100-125 plassar – 5 millionar kroner inkl. mva. på Moderniseringsdepartementets budsjett).
  • heilårsverknad av kapasitetsutvidingar frå 2005 og løyving til Narkotikaprogram med domstolskontroll (om lag 50 millionar kroner inkl. mva.).
  • auka vedlikehaldskostnader ved Ullersmo fengsel (15 millionar kroner inkl. mva.).

Når det gjeld innsette som utgjer ein særleg stor risiko vil regjeringa presisere, som tillegg til budsjetteksten, at denne soningsgruppa må plasserast på avdelingar med særleg høgt sikringsnivå. Det vil bli gjort fortlaupande vurderingar av behovet for og lokalisering av høgrisikoavdelingar i eksisterande fengsel og ved framtidige kapasitetsutvidingar.

Politi og påtalemakt
Den betydelege styrkinga av politiløyvinga i 2005 for å få eit meir aktivt politi, vert i all hovudsak ført vidare i 2006. Det høge studentopptaket ved Politihøgskolen vert òg ført vidare i 2006 (360 studentar). Samla legg departementet til grunn at aktivitetsnivået vert ført vidare på tilnærma same nivå som i 2005. Budsjettsatsinga for politi- og lensmannsetaten i 2006 er i hovudsak innanfor IKT og beredskap/tryggleik.

Satsinga skal mellom anna gå til

  • 38 millionar kroner inkl. mva. til ulike IKT-tiltak i politiet og justissektoren. Mellom anna til utvikling av betre data- og analyseverktøy ved Økokrim for handtering av mistenkjelege transaksjonar i samband med økonomisk kriminalitet, og tilpassingar til naudnett. Auka løyvingar til eit nytt visumsystem, tiltak på tvers av justissektoren og innføring av biometriske kjenneteikn i pass
  • auka løyving til tryggleik og sentral krisehandtering.

Den sivile rettspleia på grunnplanet vert samla i politi- og lensmannsetaten i heile landet frå 1. januar 2006. Løyvinga til politiet er auka med om lag 275 millionar kroner inkl. mva. i samband med dette.

Oslo politidistrikt
Ansvaret for livvakttenesta er overført frå Oslo politidistrikt til Politiets Tryggleiksteneste frå 2006. Tek ein omsyn til denne endringa, og enkelte andre mindre endringar, er løyvinga til Oslo politidistrikt nominelt om lag på same nivå som i 2005.

Domstolane
Aktivitetsnivået for domstolane vert ført vidare på tilnærma same nivå som i 2005.

Det vert gjort framlegg om å løyve 41 millionar kroner inkl. mva. til å dekkje meirutgifter ved lokalprosjekt og omstillingsutgifter i samband med samanslåing av førsteinstansdomstolar. Ved utgangen av 2006 vil talet på førsteinstansdomstolar vere redusert frå 93 til 76. Overføring av ansvaret for tinglysing av fast eigedom til Statens kartverk gir òg meirutgifter, som vert foreslått dekte i Regjeringas framlegg.

Det er foreslått å redusere gebyret for tinglysing til 0,25 gonger rettsgebyret i saker som gjeld refinansiering av lån innafor same ramme. Kostnadane til tinglysing vert då 215 kroner i desse tilfella. Dette vil skjerpe konkurransen i lånemarknaden.

Anna:

  • Det administrative ansvaret for jordskifterettane vert overført frå Landbruks- og matdepartementet til Domstoladministrasjonen frå 1. januar 2006. Jordskiftedommarar får dei same rettane og pliktene som dommarar i dei alminnelege domstolane.

Svalbardbudsjettet
Regjeringa foreslår nokre endringar for å innrette skattereglane på Svalbard etter skattereforma, mellom anna innføring av ein skånsam skjermingsmetode, auka skattesats frå 8 til 12 prosent og lette i formuesskattereglane tilsvarande som på fastlandet, jf. St.prp. nr. 1 (2005-2006) og Ot.prp. nr. 1 (2005-2006) Finansdepartementet. Regjeringa har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på det samla skatte- og avgiftssystemet på Svalbard.

Svalbardbudsjettet er styrkt med 6 millionar kroner inkl. mva. til dekning av heilårsverknad av husleige og eingongsinvesteringar ved etablering av den nye Svalbard forskingspark i 2006.

Det er bestemt at eit nytt reservekraftanlegg i Longyearbyen vert finansiert av brukarane.

mill. kroner

Nemning

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

Programområde 06 Justissektoren

06.10 Administrasjon

215,0

236,4

10,0

06.20 Rettsvesen

1 581,6

1 843,5

16,6

06.30 Kriminalomsorg

2 104,7

2 205,2

4,8

06.40 Politi og påtalemakt

8 223,0

8 661,3

5,3

06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap

1 131,0

1 521,0

34,5

06.60 Andre verksemder

616,5

647,2

5,0

06.70 Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m.

859,0

961,4

11,9

06.80 Svalbardbudsjettet

135,9

96,6

-29,0

Sum Justissektoren

14 866,6

16 172,6

8,8

Sum JD

14 866,6

16 172,6

8,8

For å lette samanlikninga med saldert budsjett 2005 inkluderer tala i kolonnen Forslag 2006 forventa betalt meirverdiavgift i 2006. I samband med innføring av nettoordning for budsjettering og rekneskapsføring av meirverdiavgift i statsforvaltninga er om lag 683 millionar kroner overført frå Justisdepartementets budsjett til kap. 1633 på Finansdepartementets budsjett.


Aktuelle lenker: