Historisk arkiv

Budsjettet: Styrkt politi - auka tryggleik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Politiet er prioritert i regjeringa sitt framlegg til budsjett. – Dette skal sikre eit meir aktivt politi og gjere politiet betre rusta i kampen mot kriminalitet, seier justisministeren. (06.10)

Pressemelding

Nr.: 71 – 2004
Dato: 06.10.2004

Styrkt politi, auka tryggleik

Politiet er prioritert i regjeringa sitt framlegg til budsjett. – Dette skal sikre eit meir aktivt politi og gjere politiet betre rusta i kampen mot kriminalitet, seier justisminister Odd Einar Dørum.

I 2005 er dei totale utgiftene på ansvarsområdet til justissektoren på 14,593 milliardar kroner. Dette er ein auke på 7 prosent frå saldert budsjett i 2004.


Politi og påtalemakt

Medrekna lønns- og priskompensasjon er løyvinga til politiet foreslått auka med i overkant av 500 millionar kroner. Trekkjer ein ut lønns- og priskompensasjon er politibudsjettet reelt sett foreslått auka med om lag 250 millionar kroner i 2005. For politidistrikta betyr dette at driftsbudsjetta blir styrkte med om lag 200 millionar kroner. Oslo politidistrikt har eige budsjettkapittel, og har også fått sin del av denne styrkinga.

Aukinga skal mellom anna gå til:

  • eit meir aktivt politi, særleg i forhold til førebygging blant barn og unge og handtering av akutte situasjonar
  • kampen mot organisert og økonomisk kriminalitet. Den nasjonale eininga mot organisert og annan alvorleg kriminalitet (Nye Kripos) blir oppretta 1. januar 2005
  • styrking av den høgre påtalemakta. Det blir oppretta eit nytt statsadvokatembete som skal behandle saker frå Nye Kripos
  • ei planmessig styrking av personalressursane i politiet. Politiet treng fleire tenestemenn i åra som kjem. Det blir hausten 2005 oppretta tre nye klassar (med om lag 75 studentar) ved politihøgskulen. Dette kjem i tillegg til dei to nye klassane som vart oppretta hausten 2004 (med om lag 50 studentar)
  • auke løyving til Politiets tryggingsteneste
  • innføring av biometriske kjenneteikn i norske reisepass frå hausten 2005

Andre tiltak:

  • Finansiell etterforsking vil bli etablert som eige fag ved politihøgskulen frå skuleåret 2005/2006.
  • Auka innsats for å auke inndraging av utbytte ved straffbare handlingar. For å avdekkje ulovleg konkursverksemd i samband med konkursar foreslår regjeringa tiltak for å sikre naudsynte buomkostningar. Endringa skal tre i kraft frå 1. juli 2005, og løyvinga er derfor foreslått auka med 10,6 millionar kroner i 2005.
  • Ein meir effektiv bruk av automatisk trafikkontroll. Det blir oppretta ei ny sentral eining i politiet for behandling av slike saker i Hustad leir ved Molde.

Oslo politidistrikt

Av budsjett-tabellane er den prosentvise auken på Oslo lågare enn for politiet elles, men dette skuldast mellom anna at 27 millionar kroner er ført over frå Oslo sitt budsjett til politikapitlet, fordi politiet si utlendingseining har teke over noko av Oslo sitt ansvar på utlendingsfeltet. Det er også andre tekniske endringar, men den reelle styrkinga av Oslo-politiet vil vere på om lag 29 millionar kroner.

Straffesakskjeda

Regjeringa er oppteken av balansert og målretta ressurstilføring til dei ulike ledda i straffesakskjeda. Sjølv om politiet er høgst prioritert, er også løyvinga til domstolane, kriminalomsorga og den høgare påtalemakta auka i 2005. Dette skal medverke til raskare saksavvikling i straffesakskjeda.


Kriminalomsorga

I 2003 og 2004 vart særleg kapasitetsutvidingar i kriminalomsorga prioriterte. I perioden 2002 til 2004 vil fengselskapasiteten ha auka med til saman 320 plassar. Dette har medverka til at soningskøen har gått jamt nedover det siste året, og utgjorde 2 234 dommar per 30. juni 2004.

Løyvinga til kriminalomsorga blir no foreslått auka med om lag 64 millionar kroner. I 2004 vil kapasitetsutvidingane ha ein heilårseffekt på 35 plassar, medan heilårseffekten i 2005 inneber ein ytterlegare auke på 87 plassar. Kapasitetsutvidingane som blir sette i verk i løpet av 2004 vil, saman med noko auka bruk av framskoten prøvelauslating i 2005 medføre ein auke tilsvarande 103 fengselsplassar i 2005.

Satsinga skal mellom anna gå til:

  • nye lokale til skuleverksemd ved Ila fengsel, forvarings- og sikringsanstalt i 2005, og til ei satsing på prosjekt for å styrkje innsette si foreldrerolle
  • auka vedlikehald og rehabilitering av fengselsbygningar
  • vidare arbeid med utviding av kapasiteten i Halden, Indre Salten og Hvalsmoen

Domstolane

Domstolane er styrkte dei siste åra. Særleg viser innsatsen for å nedarbeide restansar i Oslo tingrett resultat, med raskare saksavviklingstid.

Løyvinga til domstolane er reelt sett foreslått auka med om lag 80 millionar kroner for 2005.

Satsinga skal mellom anna gå til:

  • å dekkje meirutgifter i samband med ulike lokalprosjekt i domstolane og omstillingsutgifter i samband med samanslåinga av førsteinstansdomstolane og gjennomføring av tinglysingsprosjektet
  • ei styrking av domstolane sitt driftsbudsjett med 10 millionar kroner, som ledd i arbeidet med å redusere restansane og saksavviklingstida i domstolane

Det er og lagt til 25 millionar kroner for å dekkje departementet sine prosjektkostnader i samband med tinglysingsprosjektet.

Arbeidet med å redusere talet på domstolar i første instans frå 92 til 66 skal fullførast innan 1. januar 2008. I tillegg er det avgjort at domstolane i første instans i Oslo skal slåast saman frå tre til to domstolar. Endringane i Oslo vil først skje i 2006, etter at tinglysingsoppgåvene er overførte til Statens kartverk.

Tinglysingsprosjektet
Det er vedteke at tinglysinga i fast eigedom skal overførast frå domstolane til Statens kartverk sitt hovudkontor i Ringerike kommune. Gjennomføringa av reforma blir leia av Justisdepartementet med deltaking frå Domstoladministrasjonen, Statens kartverk og Norsk eigedomsinformasjon as.


Siviltenesta

For betre å utnytte ressursane i justissektoren blir siviltenesteadministrasjonen ved Hustad leir utanfor Molde lagt ned, og oppgåvene overførte til siviltenesteadministrasjonen på Dillingøy, som har ledig kapasitet. Det blir oppretta fengselsplassar på Hustad frå hausten 2004 som ei erstatning for fengselsplassane i Molde fengsel. I tillegg blir det etablert ei ny sentral eining for behandling av automatisk trafikkontroll (ATK) i leiren. Den nye sentrale eininga for ATK skal bidra til meir effektiv kontroll og auka tryggleik i trafikken.

Alle tilsette er sikra tilbod om nytt arbeid på staden.

Innanfor siviltenesta vil det framleis bli prioritert å gi frå seg mannskap til frivillige organisasjonar og valdsførebyggjande arbeid.


Redning og beredskap

Det er lagt inn midlar til redningstenesta for å gjennomføre ein anbodsrunde i samband med etablering av ny sivil redningshelikopterbase i Florø, med sikte på å starte tenesta så tidleg som mogleg i 2006.

Løyvinga til samfunnstryggleik og beredskap er foreslått auka med 10 millionar kroner til dekning av meirutgifter i samband med den internasjonale rednings- og beredskapsøvinga Barents Rescue hausten 2005.


Naudnettprosjektet

Naudetatane - politiet, brannvesenet og helsevesenet - har i dag separate analoge radiosamband. Politi og helse har kvar sin separate landsdekkjande infrastruktur. Våren 2004 påla Datatilsynet politiet innan oktober 2004 å starte arbeidet med tilfredsstillande sikring av sitt mobilsamband ved at sambandsnettet blir kryptert. Dei to andre naudetatane, brannvesen og helsevesen, har fått varsel om likelydande pålegg.

Regjeringa vil så snart som mogleg, anten i haustsesjonen eller seinast tidleg på nyåret 2005, komme tilbake til naudnettprosjektet som eiga sak, under dette spørsmålet om behandling av Datatilsynet sitt krav. Løyvinga til oppfølging av arbeidet med nytt naudnett er foreslått auka med 12 millionar kroner.


Svalbardbudsjettet

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Svalbardbudsjettet i 2005 med 16,7 millionar kroner, i hovudsak som følgje av etablering av Svalbard forskingspark og heilårsverknaden av ny helikopteravtale for Sysselmannen på Svalbard. Regjeringa foreslår elles Svalbardbudsjettet ført vidare omtrent på same nivå som i 2004.


millioner kroner



Betegnelse

Saldert budsjett 2004


Forslag 2005

Pst. endring 04/05

Programområde 06 Justissektoren

06.10 Administrasjon

207,1

215,0

3,8

06.20 Rettsvesen

1 416,2

1 556,6

9,9

06.30 Kriminalomsorg

1 988,4

2 074,7

4,3

06.40 Politi og påtalemyndighet

7 282,8

8 003,0

9,9

06.50 Redningstjenesten, samfunnssikkerhet og beredskap

1 148,0

1 132,0

-1,4

06.60 Andre virksomheter

577,2

616,5

6,8

06.70 Fri rettshjelp, erstatninger, konfliktråd mm.

898,6

859,0

-4,4

06.80 Svalbardbudsjettet

119,2

135,9

14,0

Sum Justissektoren

13 637,4

14 592,6

7,0

Sum JD

13 637,4

14 592,6

7,0

Aktuell lenke: