Ferdigstiller hamneprosjekt som er i gang
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 06.10.2004 | Sist oppdatert: 24.10.2006
- Kystverket skal i 2005 prioritere å sluttføre igangsette prosjekt. Det dreiar seg om tre fiskerihamner og tre farleiprosjekt, og det vil ikkje bli sett i gang nye prosjekt i 2005, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen. I Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er det sett av om lag 179 millionar kroner til statleg utbygging av hamner og farleier i 2005. (06.10.2004)
Pressemelding
Nr.: 49/2004
Dato: 06.10.2004
Kontaktperson: Informasjonsrådgiver Sigbjørn Larsen, Mobil 97
62 46 78
Ferdigstiller hamneprosjekt som er i gang
- Kystverket skal i 2005 prioritere å sluttføre igangsette prosjekt. Det dreiar seg om tre fiskerihamner og tre farleiprosjekt, og det vil ikkje bli sett i gang nye prosjekt i 2005, seier fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen. I Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er det sett av om lag 179 millionar kroner til statleg utbygging av hamner og farleier i 2005.
Kystverket vil i 2005 legge fram eit handlingsprogram for oppfølging av Nasjonal transportplan 2006 – 2015. I dette handlingsprogrammet kjem det framlegg om investeringar i nye fiskerihamner og farleier for perioden 2006 – 2015.
Dei tre hamneanlegga som etter planen skal ferdigstillast kommande år er Lovund hamn, Vadsø hamn og Kuøya hamn på Hitra. Dei tre prioriterte farleiprosjekta er utdjupingsarbeid i Svelvikstraumen og Drøbaksundet og oppmerking i Tjeldsundet. Utdjupingsarbeidet i Drøbaksundet skal fullførast i 2005 og farleia blir oppmerka i 2006.
I tillegg vert det i 2005 betalt ut tilskot til kommunale fiskerihamneanlegg for inntil 59 millionar kroner. Dette er pengar det er gitt tilsegn om tidlegare. Dessutan vert det i budsjettframlegget gitt tilsegn om nye tilskot til kommunale fiskerihamner for i alt 18,5 millionar kroner. Det gjeld til saman 15 anlegg og pengane vil bli utbetalte i 2006.