Historisk arkiv

Opprydding i merkeregisteret for fiskefartøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Fiskeridepartementet

I samband med regulering av ulike fartøygrupper er det nødvendig med eit oppdatert og riktig merkeregister. - Dette vil sikre at vi heile tida har eit mest mogleg korrekt grunnlag når vi fordeler fiskekvotane, seier fiskeriminister Svein Ludvigsen. Statsråden understrekar at det er viktig at fartøy som ikkje lenger er med i fisket blir teke ut av merkeregisteret. (08.10.2003)

Pressemelding

Nr.: 63/2003
Dato: 08.10.2003
Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Jan Frederik Danielsen tlf.: 22 24 64 42
Rådgjevar Dag H Nestegard tlf.: 22 24 23 87

Opprydding i merkeregisteret for fiskefartøy

I samband med regulering av ulike fartøygrupper er det nødvendig med eit oppdatert og riktig merkeregister. - Dette vil sikre at vi heile tida har eit mest mogleg korrekt grunnlag når vi fordeler fiskekvotane, seier fiskeriminister Svein Ludvigsen. Statsråden understrekar at det er viktig at fartøy som ikkje lenger er med i fisket blir teke ut av merkeregisteret.

Frå 2004 vert det difor innført ei årsavgift for å stå i registeret. Tiltaket skal hindre at utrangerte båtar som står på land urettvist får tildelt kvote. Med den nye ordninga får fartøyeigaren sjølv ansvaret for at så ikkje skjer.

Oppryddinga i registeret vil komme dei fiskarar til gode som nytter fartøya yrkesmessig.

Drifta av merkeregisteret og bruken av registeret til statistikk- og samordningsføremål krev stadig større ressursar. Ei differensiert årsavgift for å stå i registeret vil i tillegg til dagens innmeldingsavgift kunne dekke meirkostnadane til å vedlikehalde eit register som heile tida skal vere oppdatert.

Inntektsramma er foreslått auka med 14,6 millionar kroner til 19 millionar kroner i 2004. Framlegget om forskriftsendring skal sendast på høyring, slik at det nye avgiftssystemet kan innførast i 2004.

Presentasjon av Fiskeridepartementets budsjett
(Powerpoint 2,4 Mb)

St.prp. nr. 1 (2003-2003)
(Fiskeridepartementets fagproposisjon utskriftsvennlig versjon – PDF-format)


Alt om statsbudsjettet kan du også finne på Finansdepartementets budsjettportal.