Historisk arkiv

Tilbod om Godt samliv! i alle kommunar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 05101 E
Dato: 14.10.05

Tilbod om Godt samliv! i alle kommunar

Regjeringa vil utvide tilbodet om kurset Godt samliv! for nybakte foreldre til heile landet i løpet av 2006. I framlegget til statsbudsjett aukar regjeringa innsatsen med 10,7 millionar kroner. Det er meir enn ei dobling frå i år.

Godt samliv! er et tilbod til par som får sitt første barn saman. - Perioden med det første barnet representerer nye utfordringar i samlivet. Å satse førebyggande i denne tida kan medverke til å styrkje familielivet og redusere talet på samlivsbrot, seier barne- og familieminister Laila Dåvøy.

Det er helsestasjonane i kommunane som er ansvarlege for å organisere kurstilbodet. Kurshaldarar kan til dømes vere representantar frå helsevesenet, familievernet, frivillige organisasjonar, o a.

Dei første kursa kom i gang i 2004 som eit prøveprosjekt i utvalte kommunar. I 2005 vil nesten 200 kommunar tilby kurset. Målet til regjeringa er å kunne tilby kurset Godt samliv! til alle førstegangsforeldre i løpet av 2006.

Barne- og familiedepartementet har eit overordna ansvar for arbeidet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har ansvar for å sette i gang og følgje opp kurstilbodet i kommunane. For 2006 er det foreslått ein auke i løyvinga med 10,7 millionar kroner, slik at den samla satsinga på tiltaket neste år blir 19,8 millionar kroner.

I tillegg vil regjeringa styrkje andre samlivskurs og utviklingsarbeid med 1,5 millionar kroner neste år, slik at den samla løyvinga til ulike samlivskurs i 2006 blir på 31,5 millionar kroner.

Regjeringa vil òg styrkje familievernkontora, i første rekkje med auka bemanning der saksmengda er svært stor. I budsjettframlegget er løyvinga til familievernkontora heva med 4,6 millionar kroner.

Meir informasjon:
Samleside om statsbudsjettet Barne- og familiedepartementet med øvrige pressemeldingar, tallfakta og aktuelle lenker.