Kvinner tener stadig meir — men mindre enn menn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 05101 H
Dato: 14.10.05
Kvinner tener stadig meir – men mindre enn menn
Ieit 20-års perspektiv tener kvinner stadig meir, men mot slutten av 1990-talet stoppa tendensen mot utjamning opp. Dette går fram av ein rapport utarbeidd av Statistisk sentralbyrå (SSB) for Barne- og familiedepartementet.
Rapporten er kjent som likestillingsvedlegget og skal fungere som eit verkemiddel for å integrere kjønns- og likestillingsperspektivet i arbeidet med statsbudsjettet.
Det er oppnådd større grad av likestilling mellom kvinner og menn gjennom dei siste 30 åra. Men utviklinga går sakte. Verknaden av ulik lønn forplantar seg gjennom heile inntektssystemet. Det kjem av at mange overføringar, som sjukepengar, uføre- og arbeidsløysetrygd, blir rekna ut i frå lønn.
Kvinner deltek i aukande grad i yrkeslivet, men ligg framleis bak menn. I følge rapporten har kvinner oftare enn menn lav sjølvstendig inntekt og er oftare økonomisk avhengige, noko som kan sette kvinner i ei sårbar stilling og hindre at kvinner deltek på lik linje med menn i politikk og samfunnsliv.
Viktige funn :
• Kvinner gjer framleis mest husarbeid
• Kvinner både arbeider og tener framleis mindre enn menn, uansett landbakgrunn
• Forskjellane er størst blant foreldre med barn under seks år
• Menn er i fleirtal blant dei med høg inntekt
• Menn er òg i fleirtal blant dei med aller lågast inntekt
Dei siste tre åra har departementet lagt fram eit likestillingsvedlegg til statsbudsjettet. I år har SSB i samarbeid med departementet utarbeidd ein rapport med ei tematisk innretting på makronivå. Tidlegare har vedlegget gitt ein samla presentasjon av likestillingsvurdering på dei fleste departementa sine fagbudsjettområde.
Meir informasjon:
Rapporten ”Fordelingen av økonomiske ressurser mellom kvinner og menn – inntekt sysselsetting og tidsbruk”.
Samleside om statsbudsjettet Barne- og familiedepartementet med øvrige pressemeldingar, tallfakta og aktuelle lenker.