Kraftig auke i tilskotet ved adopsjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 05101 D
Dato: 14.10.05
Kraftig auke i tilskotet ved adopsjon
Regjeringa vil auke eingongstilskotet til familiar som adopterer barn frå utlandet med heile 23 prosent frå i år - til 38 320 kroner. Regjeringa vil òg innføre obligatoriske førebuingskurs for familiar som ynskjer å adoptere.
- Adopsjon frå utlandet medfører store utgifter for familiane, og vi har heile tida hatt som mål å heve tilskotet gradvis. Med dette framlegget har vi auka tilskotssatsen med heile 70 prosent i vår regjeringsperiode, påpeiker barne- og familieminister Laila Dåvøy.
Eingongsstønaden ved adopsjon av barn frå utlandet har vore endra fleire gonger og var 22 500 kroner i 2002. For inneverande år er tilskotet 31 090 kroner pr. barn. I sitt framlegg til statsbudsjett for 2006 foreslår regjeringa å heve tilskotet til 38 320 kroner per barn frå 1. januar 2006. Ordninga gjeld adoptivforeldre som på førehand har innhenta samtykke til adopsjon frå utlandet
Barne- og familiedepartementet har òg sendt på høyring eit framlegg om at familiar som vil adoptere må gjennomgå eit obligatorisk førebuande kurs ved søknad om adopsjon. I budsjettframlegget er det avsett 4,7 millionar kroner til innføring av kurset, med ein føresetnad om at dei som deltek på kurset skal betale ein eigendel.
Kurset vil bli retta mot førstegangssøkarar. Føremålet vil fyrst og fremst være å gje søkarane naudsynt informasjon på eit tidleg tidspunkt i adopsjonsprosessen. Ulike sider ved adopsjon skal drøftast på ein god og balansert måte. Kurset vil mellom anna gje kunnskap om sjølve adopsjonsprosessen, hentereise, det fyrste møtet med barnet og kva slags reaksjonar som kan oppstå både hos barn og adoptivforeldre. Høyringsfristen er 1. november.
Meir informasjon:
Samleside om
statsbudsjettet Barne- og familiedepartementet med øvrige
pressemeldingar, tallfakta og aktuelle lenker.