Historisk arkiv

Full barnehagedekning i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 05101 B
Dato: 14.10.05

Full barnehagedekning i 2006

– Det viktigaste målet for regjeringa på barnehageområdet i 2006 er at alle som ønskjer det, skal få barnehageplass. Vi legg inn midlar til ein kapasitetsvekst på 7600 barnehageplassar, slik at vi kan nå dette målet innan utgangen av 2006, seier barne‑ og familieminister Laila Dåvøy. Den samla løyvinga til barnehageformål aukar med 1,3 milliardar kroner i forhold til saldert budsjett i 2005.

– Regjeringa vil bruke om lag 600 millionar kroner for å nå utbyggingsmålet i 2006. Vi vidarefører dei sterke økonomiske verkemidla knytte til etablering av nye barnehageplassar. I budsjettet prioriterer vi ei vidareføring av det høge ubyggingstempoet i barnehagesektoren, og vi føreslår derfor ikkje å innføre maksimalpris trinn 2 i 2006, seier Dåvøy. Ordninga med skjønnsmidlar og investeringstilskot blir ført vidare, og satsane for det statlege driftstilskotet blir oppjusterte.

I St.meld. nr 28 (2004‑2005) Om evaluering av maksimalpris i barnehager la regjeringa til grunn at 6400 born kjem til å stå på venteliste ved inngangen til 2006. For å ta høgd for uvissa knytt til utviklinga i etterspørsel og opphaldstid, er det lagt inn midlar til ein kapasitetsvekst som svarer til 7600 heiltidsplassar for born under tre år. Utviklinga i etterspørsel og opphaldstid er usikker, og departementet hentar inn nye opplysningar om ventelister hausten 2005. Dersom utbygginga blir meir omfattande enn dei 7600 plassane, kjem statlege midlar også til å dekkje utgifter til desse plassane.

Forskrifta om likeverdig behandling blei endra frå 1. august 2005. Om lag 6 av 10 private barnehagar fekk auka tilskot som følgje av forskriftsendringa. Kommunane har framleis plikt til å syte for kostnadsdekning i dei ikkje-kommunale barnehagane, men tilskotet skal utgjere minst 85 prosent av det tilsvarande kommunale barnehagar i gjennomsnitt tek imot i offentleg tilskot. Regjeringa har ikkje funne rom for å prioritere vidare innfasing av likeverdig behandling i statsbudsjettet for 2006. Det blei lagt inn 230 millionar kroner til dette formålet i 2005. Heilårsverknaden av dette i 2006 er 550 millionar kroner.

Maksimalprisen på 2750 kroner per månad og 30 250 kroner per år har vore halden nominelt uendra sidan innføringa av trinn 1 i maksimalprisen 1. mai 2004. I forslaget til statsbudsjett føreslår regjeringa å prisjustere maksimalprisen til 2830 kroner per månad og 31 130 kroner per år. Det svarer til den forventa pris‑ og kostnadsveksten frå 2005 til 2006.

Meir informasjon:

Samleside om statsbudsjettet Barne- og familiedepartementet, med andre pressemeldingar, talfakta og aktuelle lenkjer.