50 millionar kroner ekstra til kvalitet i barnehagen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2005 | Sist oppdatert: 24.10.2006
Pressemelding
Nr.: 05101 C
Dato: 14.10.05
50 millionar kroner ekstra til kvalitet i barnehagen
– Kvalitet og innhald i barnehagen er avgjerande for trivselen til både born, foreldre og personale. Vi byggjer barnehageplassar som aldri før, og foreldrebetalinga er sett ned. Det er behov for eit sterkare fokus på innhaldet i barnehagen, seier barne‑ og familieminister Laila Dåvøy.
Regjeringa vil styrkje kvaliteten i barnehagesektoren og føreslår å løyve 50 millionar kroner ekstra til mellom anna kompetanseutvikling for tilsette i barnehagane. Regjeringa har nyleg sendt på høyring forslag til ny rammeplan og andre forskrifter til barnehagelova. Den nye lova tek til å gjelde frå 1. januar 2006.
– Vi vil utarbeide og setje i verk ein eigen plan for kompetanseheving i barnehagesektoren. Planen kjem til å ha både eit kortsiktig og eit langsiktig perspektiv, og skal mellom anna omfatte opplæringstiltak og støtte til utviklingsarbeid. Målet er å ruste opp og stimulere sektoren til å møte dei utfordringane barnehagereforma, ny barnehagelov og ny rammeplan fører med seg, både når det gjeld struktur og når det gjeld innhald, seier Dåvøy. Born med særskilde behov skal ha ein sentral plass i kompetanseplanen.
Tiltaka skal først og fremst rettast mot barnehagepersonalet, men også mot barnehageeigarar, kommunane, som er ansvarlege for barnehagane, fylkesmennene og Sametinget.
Løyvinga til forsking om barnehagar er auka med 2,5 millionar kroner. Departementet kjem i tillegg til å nytte 7 millionar kroner av løyvinga til tiltak for å betre språkforståinga blant minoritetsspråklege born i førskulealder. Pengane skal gå til særskilde utviklingstiltak i kommunane. Det blir gjort for å stimulere kommunar til å setje i verk tiltak for språkstimulering blant målgruppa.
Meir informasjon:
Samleside om statsbudsjettet Barne- og familiedepartementet, med andre pressemeldingar, talfakta og aktuelle lenkjer.