Historisk arkiv

Finansieringa av krisesentra blir 100 prosent offentleg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 04067 E
Dato: 06.10.04



Budsjett 2005:

Finansieringa av krisesentra blir 100 prosent offentleg

Regjeringa vil frå neste år styrke tilskottet til krisesentra slik at Staten aukar sitt tilskott frå 50 til 80 prosent. Kommunane skal dekke 20 prosent. Det offentlege vil dermed stå for ei fullfinansiering av alle krisesentra i heile landet.

I statsbudsjettet for 2005 presenterer Regjeringa ei ny finansieringsordning for krisesentra. Frå no av vil krisesentra bli 100 prosent offentleg finansiert. Staten aukar sine tilskott frå 50 til 80 prosent og kommunane dekker 20 prosent. Det vil framleis vere slik at det er det kommunale tilskottet som fastset og utløyser nivået på det statlege tilskottet.

Det statlege tilskottet til krisesentra er auka med 29, 7 millionar kroner ved overføring frå kommunane sine frie inntekter, i samband med at den kommunale delen av tilskottet blir tilsvarande redusert. Uttrekket er gjort etter objektive kriterium basert på hovudnøkkelen i inntektssystemet. Det er vidare lagt inn 5,8 millionar kroner i friske midlar for å sikre den offentlege fullfinansieringa. Ikkje-kommunale bidrag/gåver til sentra skal ikkje lenger utløyse statstilskott eller inngå i grunnlaget for finansieringa. Slike bidrag kan krisesentra behalde i tillegg til den offentlege fullfinansieringa.

Forvaltinga av tilskottet for krisesentra vil bli lagt til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) frå 1.1.05. Etaten har frå før ansvar for barnevern og familievern, og ei samordning og kompetanseutveksling mellom desse sektorane vil styrkje arbeidet mot vald i det heile. Regionane i den nye etaten vil vere viktige i arbeidet med å utforme ein nasjonal plan for å gjere krisesentra mest mogleg tilgjengelege.