Historisk arkiv

Familievern og samlivstiltak skal styrkjast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 02069E
Dato: 03.10.02

Familievern og samlivstiltak skal styrkjast

Det blir fleire samlivsbrot. Å førebyggje oppløysing av familien og skape gode og varige samlivsforhold er viktig for å kunne sikre barn ein trygg og stabil oppvekst. Regjeringa ønskjer derfor å styrkje kompetansearbeidet i familievernet og auke støtta til samlivstiltak med til saman 2 millionar kroner.

- Det er så mange som spør etter tenestene til familievernet, og det er viktig å kunne gi eit heilskapleg, breitt og førebyggjande tilbod som familiane treng, seier barne- og familieminister Laila Dåvøy.

Både fleire menneske, og andre enn før, vender seg til familievernet, som no arbeider med å leggje til rette tilbod for desse. Det gjeld til dømes familiar med minoritetsbakgrunn. Tenesta står overfor særskilde utfordringar når det gjeld mekling og terapi for familiar med store konfliktar der barn er involverte. Som ein del av arbeidet med å førebyggje brot og fastlåste konfliktar mellom foreldre, er det også behov for eit betre og meir systematisert informasjonsarbeid om familievernet. Det er laga ein eigen plan for Kompetansetiltak i familievernet, og styrkinga av familievernet vil gagne dette arbeidet. Tiltak skal setjast i verk etter kvart i samsvar med planen.

Regjeringa aukar dessutan løyvingane til samlivstiltak med 1 million kroner. Midlane skal gå til å stø lokale samlivstiltak og kurs, og til utviklingsarbeid for å styrkje den faglege kvaliteten og kompetansen. Støtta går til prosjekt over heile landet, i regi av organisasjonar og institusjonar med engasjement og fagleg kompetanse på området.

BFDs øvrige pressemeldinger om statsbudsjettet 2003