Historisk arkiv

Kongehuset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Rehabilitering av Slottsparken, parkanlegget rundt Bygdøy kongsgard og Lille Festsal på Slottet er prioriterte vedlikehaldsprosjekt i framlegget til budsjett for Kongehuset. Det samla framlegget under dette kapitlet er på 93 mill. kroner.

Pressemelding

Nr.: 57/2002
Dato: 03.10.02

Kongehuset

Regjeringa gjer framlegg om 93 mill. kroner til det Kongelege Hoff og løpande vedlikehald ved dei statseigde kongelege eigedommane Slottet, Bygdøy kongsgard og Oscarshall. Det blir foreslått 7 mill. kroner til apanasjen for H.M. Kongen og H.M. Dronninga. For H.K.H. Kronprinsen og H.K.H. Kronprinsessa er det foreslått ei løyving på 9,6 mill. kroner, av dette utgjer apanasjen 4,7 mill. kroner.

Prioriterte vedlikehaldsprosjekt er rehabilitering av Slottsparken, parkanlegget rundt Bygdøy Kongsgard og Lille Festsal på Slottet.

I 2000 blei det utarbeidd ein hovudplan for rehabilitering av Slottsparken til 2005. Planen tek for seg ei styrking av dei landskapsmessige forholda, det historiske anlegget og blomsterrabattar. Ønsket er å auke opplevingspotensialet i parken som heilskap ved ei nyutvikling av den opphavlege karakteren parken hadde.

Parkanlegget rundt Bygdøy Kongsgard skal setjast i stand, i samsvar med faglege vurderingar frå Riksantikvaren. Dronning Maud og hennar hage dannar grunnlaget for dette arbeidet. I 2003 vil arbeidet bl.a. omfatte rehabilitering av vegetasjon og treplanting, istandsetting av blomsterbed og indre hage. Parkanlegget på Bygdøy Kongsgard skal etter planen stå ferdig i 2005.

Lille Festsal på Slottet skal restaurerast med tilbakeføring av veggfarge til den opphavlege fargen. Salen er eit av dei offisielle romma på Slottet. Det blir nytta ved arrangement på Slottet og inngår også i "Åpent Slotts" omvisingar for publikum i sommar­månadene.