Historisk arkiv

Endringar i regelverket for arbeidsgivars lønnsplikt under permittering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Regjeringa foreslår endringar i arbeidsgivarane si lønnsplikt under permitteringar. Det blir lagt opp til at kostnadene ved permitteringar i mindre grad skal veltast over på det offentlege.

Pressemelding

Nr.: 57/02
Dato: 03.10.02

Kontaktperson:

Ekspedisjonssjef Rune Solberg, 22 24 47 00

Endringar i regelverket for arbeidsgivars lønnsplikt under permittering

Regjeringa foreslår endringar i arbeidsgivarane si lønnsplikt under permitteringar. Det blir lagt opp til at kostnadene ved permitteringar i mindre grad skal veltast over på det offentlege.

Regjeringa foreslår endringar i lov om lønnsplikt under permittering frå 1. januar 2003:

  • Arbeidsgivars lønnspliktperiode blir utvida frå 3 til 20 dagar
  • Det blir lik arbeidsgivarperiode ved heile og delvis permitteringar

Ordninga med å permittere arbeidstakarane blir nytta regelmessig av mange bedrifter. Slik regelmessig bruk av permitteringar inneber at ein del av dei reelle lønnskostnadene i bedrifta blir velta over på samfunnet, og framstår som ei form for skjult subsidiering av bedrifter som ikkje driv lønnsamt. Samtidig er det ein fordel for arbeidstakarar å få lønn framfor arbeidsløysetrygd i ein lengre periode.

Eit for sjenerøst permitteringsregelverk kan medverke til at for mye arbeidskraft blir kanalisert til sektorar med varierande aktivitet, med den konsekvens at arbeidsstyrken blir dårleg utnytta. Ei utviding av lønnspliktperioden for arbeidsgivarane vil derfor kunne medverke til ei betre utnytting av arbeidsstyrken.

Dei særlege reglane for dagpengar under permitteringar i fiskeindustrien blir ikkje omfatta av endringane.